Historisk arkiv

Over 30 millionar til tiltak som hindrar ungdom i å falle utanfor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

75 ulike tiltak over heile landet mottek no til saman 31,7 millionar kroner til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Tiltaka bidreg til å hindre fråfall i skulen og betre sjansane på arbeidsmarknaden.

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom vart etablert i 2014 og rettar seg mot ungdom mellom 14 og 23 år som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrke skuletilknyting, trivsel og meistring for ungdommane, slik at skuleprestasjonane blir betre og fråfallet i den vidaregåande skulen vert lågare. Satsinga er eitt av tiltaka i regjeringa sin strategi Barn som lever i fattigdom.

- Vi veit at unge som fell utanfor har større sannsynlegheit for å verte arbeidsledige eller ende opp som passive mottakarar av offentlege stønadar enn dei som fullfører. Derfor er det så viktig å hjelpe dei utsette ungdommane på rett spor, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Ein av kommunane som har fått støtte er Bindal i Nordland. Dei har ikkje vidaregåande skule i kommunen, og alle elevane over 10. klasse må bu på hybel og gå på skule i andre kommunar. I Bindal vil dei tilsette ein los som kan følgje opp nokre av elevane i den vidaregåande skulen og for å organisere gode tilbod for lærlingar.

Eit anna tiltak som får støtte i år er Bindersen i regi av Eigersund kommune. Dei vil ha ein "heiagjeng" rundt nokre utvalde ungdommar som er i fare for å falle ut. Eleven sjølv bestemmer kven som skal vere med i gjengen, disse kan vere både frå elevens eige nettverk og frå dei kommunale tenestene. Dei får ansvar for å støtte ungdommen i overgangen til vidaregåande skule og kome med innspel til korleis ein kan løyse utfordringane undervegs.

- Eg er glad for at det fins så mange gode initiativ og tiltak rundt i kommunane. Årsakene til fråfall er samansette og los-ordninga skal sikre at ungdommane får personleg tilrettelagt oppfølging og at dei kommunale tenestane samarbeider om å gje støtte. Desse ungdommane veit ofte ikkje kva hjelp som finst og kven som kan hjelpe. Då kan ein los vere til stor hjelp, seier statsråd Horne.

SJå oversikt over tiltaka som får støtte på Bufdir sine sider.

Bindal kommune

Bindal kommune i Nordland er ein av kommunane som no får støtte gjennom tilskotsordninga.