Historisk arkiv

Over 600 valmedarbeidarar lærer om valgjennomføring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Denne veka er over 600 valmedarbeidarar frå kommunane og fylkeskommmunane samla i Oslo for å få opplæring i bruk av valadministrasjonssystemet EVA, valregelverk, valrutiner og annan praktisk informasjon.

I neste veke får i underkant av 500 valmedarbeidarar same opplæring. Dei fleste av desse valmedarbeidarane vil kome tilbake til Oslo i april og juni for opplæring i nye temaer.

Opplæringa er delt  opp i tre modular med forskjellige tema. Innanfor kvar modul er det fleire like samlingar som kommunane har kunne velje å delta på.

  • Modul 1 blir gjennomført i mars med tema:  innlegging av grunnlagsdata i EVA, behandling av listeforslag, manntal, rapportar og stemmesetlar
  • Modul 2 blir gjennomført i april/mai med tema: stemmegiving og prøving
  • Modul 3 blir gjennomørt i juni  med tema: oppteljing, innlegging av resultat, skanning og valoppgjer.

Målet for opplæringa er å setje kommunane og fylkeskommunene i stand til å gjennomføre ei effektiv og korrekt valavvikling som er i tråd med vallovgjevinga.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er arrangør for opplæringssamlingane, men samarbeider med erfarne valmedarbeidarar frå kommunar og fylkeskommunar som bidrar med sin kunnskap og erfaring.

Oversiktsbilde fra salen
Valmedarbeidarar er samla i plenum for å lære meir om valgjennomføring. Foto: Marianne Øvestad / KMD