Historisk arkiv

Over to milliardar kroner meir til tryggleik og beredskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa held fram arbeidet for å skape meir tryggleik og mindre kriminalitet og gjer framlegg om å auke budsjettet til politiet og påtalemakta med 696 millionar kroner i 2012. Samstundes vil vi auke løyvinga til Nødnett med 1,5 milliardar kroner. – Dette vil vere ein av dei største satsingane på samfunnssikkerheit i Noreg nokon sinne, seier justisminister Knut Storberget.

Regjeringa held fram arbeidet for å skape meir tryggleik og mindre kriminalitet og gjer framlegg om å auke budsjettet til politiet og påtalemakta med 696 millionar kroner i 2012. Samstundes vil vi auke løyvinga til Nødnett med 1,5 milliardar kroner. – Dette vil vere ein av dei største satsingane på samfunnssikkerheit i Noreg nokon sinne, seier justisminister Knut Storberget.

– Regjeringa har satsa på tryggleik og beredskap i lang tid. I 2012 gjer vi framlegg om ein kraftig vidareføring av denne satsinga. Når regjeringa sitt totale budsjettframlegg er tilpassa ein økonomisk situasjon med stor internasjonal uro, vil vi likevel auke løyvinga til politi og beredskap med 2,2 milliardar kroner, seier Storberget.

Mellom anna vil regjeringa vidareføre det rekordhøge studentopptaket ved Politihøgskolen på 720 studentar. Samstundes vil vi legge til rette for at ferdig utdanna politihøgskulestudentar skal kunne få tilbod om jobb i politiet og gjer difor framlegg om å auke løyvingane til politiet med 88,9 millionar kroner til 202 nye årsverk frå sommaren 2012.

I tillegg vil vi styrke både Beredskapstroppen ved Oslo politidistrikt og Politiets tryggingsteneste (PST), og syte for at Oslo politidistrikt har ressursar til å følgje opp etterforskingsarbeidet etter angrepa 22. juli.

Regjeringa har i perioden 2005-2011 styrka politiet og påtalemakta monaleg. Løyvinga har auka frå 8,2 milliardar kroner i 2005 til 12,2 milliardar kroner i 2011 – ein vekst på 48,8 prosent eller fire milliardar kroner nominelt. I 2012 vil vi auke løyvinga med ytterlegare 696 millionar kroner.

Nærare om satsinga på tryggleik i 2012:

Nødnett. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Nødnett med om lag 1,5 milliardar kroner. Stortinget har einstem vedteke at Naudnett byggjast ut for heile Fastlands-Noreg. Dette vil vere ei av dei største satsingane på samfunnssikkerheit i Noreg nokon sinne. Det nye nødnettet gir betre kommunikasjon på tvers mellom politi, brannvesen og helsepersonell og dermed raskare hjelp til publikum ved ulykker og kriser.  

Utdannar fleire politifolk. Ei av dei største utfordringane denne regjeringa arva, var mangel på folk i politi- og lensmannsetaten og for liten kapasitet ved Politihøgskolen. No er situasjonen i ferd med å bli betre. I 2007 og 2008 vart det teke opp 432 studentar, medan opptaket i 2009 vart auka til 552 studentar. Opptaket blei auka ytterlegare til rekordhøge 720 studentar i 2010 og 2011, og no gjer regjeringa framlegg om å vidareføre opptaket på 720 studentar også i 2012. Samstundes foreslår regjeringa å auke løyvinga til Politihøgskolen med 42,9 millionar kroner i høve til saldert budsjett 2011.

Styrker bemanninga. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane til politiet med 88,9 millionar kroner til 202 nye årsverk. Slik legg regjeringa til rette for at politihøgskulestudentane som blir ferdig utdanna sommaren 2012, skal kunne få tilbod om jobb i etaten. 41 av årsverka skal gå til Oslo politidistrikt, medan fire årsverk vil gå til styrking av den faste valdtektsgruppa på Kripos, som da vil ha totalt 16 tilsette. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvingane til politiet med 49,34 millionar kroner til heilårsverknad av stillingar (inkludert Oslo politidistrikt) som blei oppretta til nyutdanna politihøgskulestudentar i 2011.

Oppfølging etter terroråtaka. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane til politi og påtalemakta med 104 millionar kroner for at dei skal kunne etterforske og påtalebehandle terroråtaka mot regjeringskvartalet og Utøya. Løyvinga vil mellom anna gå til å vidareføre den nyoppretta etterforskingseininga ved Oslo politidistrikt med 55 årsverk i 2012.

Frå før av har regjeringa gjort framlegg om å gi ei tilleggsløyving i 2011 til justissektoren på 281 millionar kroner som følgje av angrepa 22. juli 2011. Heile 185 millionar kroner av denne tilleggsløyvinga i 2011 skal nyttast til politiet og påtalemakta.

Styrking av Beredskapstroppen. Regjeringa gjør framlegg om ei styrking på 25 millionar kroner slik at beredskapstroppen i Oslo politidistrikt kan fornye utstyret sitt. Dette beløpet kjem i tillegg til løyvinga på 20 millionar kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2011.

Betre helikopterberedskap. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til politihelikoptertenesta med 29,7 millionar kroner. Det gjer at Oslo-politiet kan leige eit helikopter, auke talet på tilsette og styrke beredskapen.

I tillegg er Forsvaret sin helikopterskvadron på Rygge sett i militær beredskap. Bell-helikoptra der vil kunne støtte politiet ved førespurnad. Regjeringa har også lagt til rette for at også Sea King-redningshelikoptra enklare kan nyttast til transport av politiet sine mannskap ved prekære behov.

Politiets tryggingsteneste (PST). Som følgje av stadig større utfordringar når det gjeld omfang og kompleksitet på oppdraga til Politiets tryggingsteneste (PST), fekk PST styrka løyvinga i 2011. Regjeringa meiner det er nødvendig å auke den ytterlegare i 2012 og  foreslår såleis å styrke løyvinga til PST med 46,4 millionar kroner. Mellom anna skal PST investere i ein avansert søkemotor for ope nett og auke kapasiteten til spaning og til livvakttenesta.

I løpet av sin periode har regjeringa auka løyvinga til PST frå 230 millionar kroner i 2005 til 381 millionar kroner i 2011, ein auke på 65 prosent. I tillegg fekk PST ei tilleggsløyving i revidert nasjonalbudsjett i 2011 på 5,3 millionar kroner, og det blei gjort framlegg om ei tilleggsløyving til PST på 21,9 millionar kroner som følgje av angrepa på Utøya og regjeringskvartalet. Regjeringa har også gitt PST betre utstyr og metodar som romavlytting, kommunikasjonskontroll og basestasjonssøk.

Internettrelatert kriminalitet. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Kripos med 15,28 millionar kroner til arbeidet mot internettrelatert kriminalitet og førebygging av dette.

Statens barnehus. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 4,7 millionar kroner slik at det kan opprettast eit nytt statens barnehus i Ålesund i 2012.

Seksuelle overgrep. Valdtektsutvalet foreslo i NOU 2008: 4 Fra ord til handling å etablere ei ny landsdekkande spesialeining i politiet med ansvar for seksualisert vold. Regjeringa starta oppfølginga av forslaget gjennom å etablere ei fast valdtektsgruppe med tolv etterforskarar ved Kripos. Kripos vil bli styrka med ytterlegare fire årsverk i 2012 til dette arbeidet.

Grensekontroll på den norsk-russiske grensa. Som del av nordområdestrategien til regjeringa, er det gjort utbetringar ved Storskog grensekontrollstasjon. Det er stor auke i trafikken over den norsk-russiske grensa. For å auke kapasiteten på grensekontrollen på Storskog gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga slik at talet på sivilt tilsette kan aukast med åtte. I tillegg skal fire av dei nye årsverka som regjeringa gjer framlegg om å opprette for studentane som blir ferdig utdanna frå Politihøgskolen i 2012, gå til å styrke kontrollen ved Storskog grensestasjon.

IKT. Regjeringa gjer framlegg om å løyve 80 millionar kroner for å sikre nødvendig framdrift i arbeidet med å fornye IKT-systema i politiet.