Historisk arkiv

Overgangsordninga for momsuttrekket blir justert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 228/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006:

Overgangsordninga for momsuttrekket blir justert

For å få ei meir rettferdig fordeling av momsuttrekket mellom kommunar og fylkeskommunar, blir overgangsordninga justert frå 2005. Kommunar og fylkeskommunar som fekk eit for høgt uttrekk i 2004, blir kompenserte for dette.

Frå 1. januar 2004 blei det innført ei generell momskompensasjonsordning for kommunesektoren. Ordninga motverkar konkurransevridingar mellom kommunal forvaltning og private verksemder som følgjer av at kommunane i hovudsak ikkje har frådragsrett for inngåande moms, slik at det dermed blir meir lønnsamt for kommunen å produsere avgiftspliktige tenester med eigne tilsette enn å kjøpe dei frå private.

– Etter denne omlegginga kan kommunane velje den organisasjonsforma som høver best for dei, seier kommunal‑ og regionalminister Erna Solberg.

Kompensasjonsordninga blei finansiert gjennom ein eingongsreduksjon i rammetilskotet til kommunesektoren.

Kommunal- og regionaldepartementet har gått igjennom tala for alle kommunar og fylkeskommunar og sett på korleis ordninga har slått ut for kvar einskild kommune. For at ikkje ordninga skal føre til store, utilsikta omfordelingar, blir overgangsordninga på bakgrunn av denne gjennomgangen justert frå og med inneverande år.

I tillegg vil kommunar og fylkeskommunar som fekk eit for høgt uttrekk, bli kompenserte for dei utslaga dette gav i 2004. I nysalderinga av 2005-budsjettet vil det bli lagt opp til at det skal løyvast 300 millionar kroner til dette formålet, i tillegg til 100 millionar kroner som tidlegare er vedteke sett av til formålet. Løyvinga kjem i tillegg til den kalkulerte inntektsveksten for kommunesektoren i 2005. Kommunesektoren vil dermed samla sett ha tent på innføringa av den generelle momskompensasjonsordninga. Dette medverkar til å styrkje kommuneøkonomien ytterlegare.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.