Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Overlevering av forvaltingslovutvalet si utgreiing

Forvaltingslovutvalet overleverer i morgon utgreiinga «NOU 2019:5 Ny forvaltningslov» til statssekretær Thor Kleppen Sættem (H) i Justis- og beredskapsdepartementet og statssekretær Aase Marthe J. Horrigmo (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Forvaltingslovutvalet blei valt ved kongeleg resolusjon 23. oktober 2015 for å gjere ein samla gjennomgang av forvaltingslova og tilgrensande ulovfesta forvaltningsrett.

Professor Inge Lorange Backer har leia arbeidet med utgreiinga.

Tid: Torsdag 14. mars kl. 14.00
Stad: Gullhaug torg 4 A, Nydalen
Oppmøte: kl. 13.45 (for registrering)

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Skjøld-Lorange, 48 16 12 27.

Til toppen