Overlevering av rapport frå by- og levekårsutvalet

Ekspertutvalet om levekårs- og integreringsutfordringar i byområde skal overlevere utgreiinga si til kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup onsdag 16. desember 2020.

Nett-tv Overlevering av rapport frå by- og levekårsutvalet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

By- og levekårsutvalet har kartlagt omfanget  av levekårsutfordringar i og omkring dei større byane i Noreg. Leiar av utvalet,  Frank J. Jenssen, vil vere til stades og presentere utgreiinga.

Tid: Onsdag 16.desember  kl. 13:15-14:00

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

Pressekonferansen blir strøymd her

Journalistar som vil kome, må melde seg på i løpet av tysdag 15. desember til ajf@kd.dep.no


Kontakt:

Kommunikasjonsrådgjevar Ajfer Husejin, ajf@kd.dep.no eller telefon 95936485

Program:

Ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Lisbeth Fransplass, snakkar kort om utvalet sitt arbeid.

Leiar av utvalet, Frank J. Jenssen, legg fram  utgreiinga.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby kommenterer resultata.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup avsluttar.

Det vil bli høve til separate intervju med leiar av utvaletog statsrådane.

 

Fakta om by- og levekårsutvalet

  • Utvalet sitt mandat har vore breitt. Utvalet har kartlagt omfanget av geografisk konsentrasjon av levekårsutfordringar i og omkring dei større byane i Noreg.
  • Døme på sentrale levekårsutfordringar kan vere dårlege bumiljø, få møteplassar og aktivitetstilbod, at ein bur trongt, arbeidsløyse, barnefattigdom, vald i nære relasjonar, ungdomskriminalitet, fråfall frå utdanning, manglande sosial støtte, dårleg helse og rusmiddelproblematikk.
  • Utvalet har kartlagt levekårsutfordringar uavhengig av etnisk bakgrunn, men har særleg sett på korleis fordelinga av slike levekårsutfordringar fell saman med mønster for busetnad blant innbyggjarar med innvandrarbakgrunn.
  • Utvalet har skildra eventuelle tendensar til etnisk og sosioøkonomisk segregering i barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring i aktuelle byområde.
  • Utvalet har samanlikna situasjonen og utviklinga med andre land, særleg Sverige og Danmark.

Les meir om utvalet her