Historisk arkiv

Overlevering av utgreiing om reglar for tap av statsborgarskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Professor Benedikte Moltumyr Høgberg har utgreia om det skal innførast tap av statsborgarskap der ein statsborgar opptrer sterkt til skade for statens vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i framand militær styrke. No skal ho overlevere si utgreiing og sine anbefalingar til barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Tid: Tysdag 24. mars 10.00-11.00

Stad: Statsrådens møterom, BLD, Akersgata 59

Professor Høgberg har mellom anna sett på kor vid tilgangen til å ta frå nokon statsborgarskap kan vere etter internasjonale konvensjonar og Grunnlova, og kva handlingar som vil kunne føre til tap. Ho har sett på erfaringane i nokre land som har innført liknande reglar om tap av statsborgarskap, til dømes Danmark og Storbritannia. Ho kjem også med si vurdering og tilråding av om ein bør innføre nye tapsreglar og korleis dei i så fall bør vere.

Pressekonferansen vil bli streama på regjeringa.no.

Fagseminar

Same dag kl. 12.00 i møterom 2511 i R5, vil det haldast eit fagseminar der utgreiinga blir presentert grundigare. Her vil også representantar frå Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) og PRIO halde korte innlegg om sine bidrag til utgreiinga, om konsekvensar for integreringsprosessen og konsekvensar av førebygging av terror og radikalisering. 

For spørsmål eller meir informasjon, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust på telefon 99 50 19 17 eller e-post: ibm@bld.dep.no.