Historisk arkiv

Overproduksjonsavgift på mjølk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Etter høyringsmøte med Tine, produsentlaget til Q-meieriene, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, har Landbruks- og matdepartementet i dag vedteke å heve overproduksjonsavgifta på mjølk frå kr 3,20 per liter til kr 4,20. Endringa gjeld frå 1. januar 2016.

Overproduksjonsavgifta blei innført i 1997 for å sikre at kvoteordninga for mjølk skulle fungere etter føremålet. Ved innføringa blei avgifta sett til 2,90 kroner per liter mjølk levert ut over kvote. Overproduksjonsavgifta blei sist gong heva i 2007, og ligg i dag på kr 3,20 per liter. I perioden etter 2007 har mjølkeprisen til produsent auka, medan overproduksjonsavgifta har stått stille.

Dersom overproduksjonsavgifta blir for låg, bidreg det til overproduksjon av mjølk. I ein situasjon med prognosert tilbodsoverskot kommande kvoteår, blir behovet for å auke avgifta forsterka. Overproduksjonen av mjølk har lege på 11 – 15 mill. liter dei siste åra.