Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Overrekker NOU om oppfølging av alvorlege hendingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Utvalet som har vurdert oppfølging av alvorlege hendingar og mistanke om lovbrot i helsetenesta overleverer måndag 2. november si utreiing til helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Utvalsleiar er fylkeslege Helga Arianson.

Arianson-utvalet har mellom anna fått i oppdrag å vurdere ei etablering av ein permanent, uavhengig undersøkingskommisjon for uønska hendingar i helse- og omsorgstenesa og sjå på korleis regelverket i dag ivaretar pasient- og brukartryggleiken, rettstryggleiken og tilliten til helse- og omsorgstenesta. Utvalet har også fått i oppdrag å vurdere om politiet bør ha eigen helsefagleg kompetanse for å kunne etterforske alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta eller om det er tilstrekkeleg å hente inn denne kompetansen når det er naudsynt.

Helga Arianson gjer greie for utvalet si anbefaling og overrekker utreiinga til helse- og omsorgsminister Bent Høie.  Heile utvalet kjem til å vere til stades.

Måndag 2. november 12.30, Auditoriet i R5 Regjeringskvartalet, Oslo

Pressekonferansen vil bli strømmet på nett.