Historisk arkiv

Øystein Olsen vert ny administrerande direktør i SSB

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

93/2004

Øystein Olsen vart i statsråd i dag tilsett som administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå (SSB) for ein periode på seks år frå 1. januar 2005. (05.11.2004)

Pressemelding

Nr.: 93/2004
Dato: 05.11.2004
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Anders Lande, telefon 22 24 41 05 / mobil 48 05 33 51

Øystein Olsen vert ny administrerande direktør i SSB

Øystein Olsen vart i statsråd i dag tilsett somadministrerande direktør i Statistisk sentralbyrå (SSB)for ein periode på seks år frå 1. januar 2005.

Øystein Olsen er 52 år og cand.oecon frå Universitetet i Oslo i 1977. Han er i dag ekspedisjonssjef i Økonomiavdelinga i Finansdepartementet, ei stilling han har hatt sidan 1999.

Olsen har arbeidd i SSB i fleire periodar. Han var forskar, seniorforskar og leiar for Olje- og energigruppa i tida 1977-1990. Etter eit år i ECON, Senter for økonomisk analyse, kom han attende til SSB som forskingssjef i åra 1991-1994. Frå 1996 til 1999 var han tilsett som forskingsdirektør og leiar av Forskingsavdelinga på same stad.

Øystein Olsen var professor II ved Handelshøgskulen BI i åra 1993-1998. I perioden 1994-1996 var han avdelingsdirektør og nestleiar i Økonomiavdelinga i Finansdepartementet.

Til toppen