På høyring: Regjeringa vil modernisere drosjeregelverket

- Drosjenæringa får med dette framlegget eit regelverk som er enklare og betre tilpassa dagens behov og ny teknologi. Drosjenæringa vil stå betre rusta til å utvikle nye og meir kunderetta tenester og driftsformer. Det er viktig å styrkje interessene til passasjerane, og å legge til rette for effektivisering, forenkling og reduserte kostnader for næringa.

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, som i dag la fram eit framlegg om endringar i yrkestransportlova.

Endringane er i hovudsak knytt til regelverk som gjeld drosjetransport, og er ein del av eit større arbeid med å revidere drosjeregelverket, både i lov og forskrift. Føremålet med endringane samla sett er mellom anna å styrke forbrukerane sine interesser, i tillegg til å leggje til rette for effektivisering av drosjenæringa ved å justere på nokre av dagens krav. Eit framlegg til forskriftsendringar er planlagt sendt på høyring i 2017.

Tre hovudendringar i yrkestransportlova: Samkøyring vert enklare, utvida aldersgrense for å ha løyve og ein friare drosjemarknad

1: Det vil ikkje vere krav til løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov som sjåføren sjølv, og vederlaget for transporten ikkje overstig kostnadene ved transporten fordelt mellom dei som er i bilen.

2: Øvre aldersgrensa for å behalde eit løyve for drosjekøyring vert heva frå 70 til 75 år.

3: Løyvehavarane sin rett og plikt til å vere tilslutta ein drosjesentral vert oppheva. Framlegget inneber at både drosjesentralen/formidlaren og løyvehavaren får større fridom i verksemda si.

Oppheving av rett og plikt til å vere tilslutta drosjesentralar

Framlegget inneber at tilslutning til sentralen må verte gjort ved ein privatrettsleg avtale om tilslutning, og inneber såleis eit klarare skilje mellom dei offentlegrettslege krava for å få tildelt og behalde eit løyve, og dei privatrettslege krava som gjeld mellom drosjesentralane og løyvehavarane. Framlegget inneber at både drosjesentralen/formidlaren og løyvehavaren får større fridom i verksemda si.

For drosjesentralane inneber framlegget eit høve til å utvikle eigne driftskonsept og setje eigne standardar for kvalitet som dei tilslutta løyvehavarane må følgje. Drosjesentralane vil få større grad av styringsrett overfor tilslutta løyvehavarar og meir kontroll over eiga verksemd. Dei kan i større grad enn i dag sanksjonere uønskt åtferd frå løyvehavarane, og om nødvendig ekskludere ein løyvehavar som ikkje rettar seg etter dei avtala vilkåra.

Framlegget opnar også for fleire nye formar for formidling av drosjetenester: Løyvehavaren skal sjølv kunne velje ein passande marknadskanal, til dømes ein mobilapplikasjon eller ein internettplattform. Det nye regelverket vil kunne gje meir variasjon i drosjetilbodet, samt legge til rette for meir verksam konkurranse i drosjenæringa, heiter det i høyringsnotatet.

Her finn du høyringa, inkludert høyringsnotatet