Historisk arkiv

Arbeidarpartiet nærare Europaparlamentet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

EU har, og vil ha, mykje å seia for norsk politikk – anten me er tilhengarar av norsk EU-medlemsskap eller ikkje. Vår tilknyting til EU gir eit demokratisk underskot, og Arbeidarpartiet vil derfor samarbeide tettare med sitt søsterparti i Europapartlamentet. Det er svært viktig at norske politikarar forstår dei politiske prosessane i EU, skriv leiar i utanrikskomiteen, Olav Akselsen (Ap).

Sidan Arbeidarpartiet tok initiativ overfor EU-parlamentet og den sosialistiske gruppa (PES), er det no duka for eit langt tettare samarbeid mellom Arbeidarpartiet og PES. Dette var eit initiativ me tok, fordi me såg det demokratiske underskotet vår tilknyting til EU gir. I Noreg diskuterer me berre saker som er ferdig vedtekne i EU. Då er sjansane for å påverka små.

Arbeidarpartiet omorganiserte difor EØS-arbeidet i stortingsgruppa. Det vart gjort for at stortingsgruppa skal koma tidlegare inn i arbeidet og beslutningsprosessane knytta til aktuelle EØS-saker. Rent praktisk betyr dette at våre medlemmer i dei forskjellige komiteane på Stortinget utnemner ein EU/EØS-ansvarlig. Saman med sin politiske rådgjevar vil disse utgjera eit ”EØS-team”, og vil få ansvar, saman med utenriksfraksjonen og den politiske leiinga i departementa, med å følgje saksgangen i EØS-relevante saker på sitt område.

Våre komitémedlemmer vil oppretta kontakt med, og besøka sine politiske ”motpartar” i Europaparlamentet, og det er ein ambisjon at så mange som mogleg deltek på sosialistgruppa sine møte, i arbeidsgrupper og på seminar.

Stortingsgruppa vil også etablere ein utvida EØS-fraksjon beståande av den EU/EØS-ansvarlige stortingsrepresentant frå kvar komité, hele utanriksfraksjonen og Aps medlemmer av EFTAs parlamentarikarforsamling. Den utvida EØS-fraksjonen skal møtast med jamne mellomrom, og ha eit koordinerande ansvar for Arbeidarpartiet sitt EU/EØS-arbeid.

I tillegg vil me auka det generelle samarbeidet med sosialistgruppa i Europaparlamentet. Då eg besøkte leiinga i PES-gruppa i Europaparlamentet i mars i fjor, ble det avklart at Ap vil få møte og talerett i PES sine gruppemøte. Det vart også avklara at me kan delta på PES-gruppa sine fraksjonsmøte og arbeidsgrupper. Ap vil no ha ”opne dører” til sosialistgruppa og til gruppa sitt sekretariat i Europaparlamentet.

Omorganiseringane er forankra gjennom Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 23 (2005-2006) ”Om gjennomføring av europapolitikken” der det vart vedteke at Stortinget skal forbetra sitt arbeid med EØS-saker og at partigruppene skal styrka sin kontakt med Europaparlamentet.

EU har, og vil ha, mykje å seia for norsk politikk – anten me er tilhengarar av norsk EU-medlemsskap eller ikkje. Derfor er det svært viktig at våre folkevalde heime i Noreg forstår dei politiske prosessane i EU generelt, og i dei politiske partia spesielt. Ap vil prioritere eit tettare arbeid med Europarlamentet og våre søsterparti i EU, fordi me meiner eit slikt samarbeid er viktig for partiet og for Noreg.

I løpet av nokre månader håpar me at samarbeidet materialiserer seg i konkrete kontaktar over fleire saksfelt og frå ulike komitear. Styret i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe vil stadfesta gruppas aktive Europa-engasjement ved å delta i møte med PES-gruppa sitt presidium i løpet av året. 

Olav Akselsen, leiar for utanrikskomiteen på Stortinget og parlamentarisk nestleiar for Arbeidarpartiet