Historisk arkiv

Per Anker Pedersen fekk Plantearvenprisen 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Per Anker Pedersen, førsteamanuensis ved NMBU, fekk i går Plantearvenprisen 2020 for sitt omfattande arbeid for å auke mangfald og innslag av norske plantar i grøntanlegg.

Plantearven-prisen blir delt ut av Norsk genressurssenter ved NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfald. Pedersen sitt arbeid for å sikre større plantevariasjon og tilgang på norske vekstar til bruk i grøntanlegg vart spesielt vektlagt ved tildelinga.

– Hans engasjement for å utvide bruken av planter frå norsk flora, har bidratt til å bevare genetisk viktig plantemateriale, seier leiar for Norsk genressurssenter, Nina Sæther.

Per Anker Pedersen og Nina Sæther.
Per Anker Pedersen og Nina Sæther. Foto: Kjersti Kildahl

Levande og langvarig engasjert

Alt tidleg på 1990-talet var Per Anker Pedersen i gang med å samle og velje ut norske planter for utprøving i grøntanlegg. Arbeidet vart seinare organisert i prosjekta Planter for norsk klima og Utvalg av norske trær til grøntanlegg og revegetering. Begge vart leia av Pedersen.