Historisk arkiv

Per Sandberg tilsett som vikarierande fiskeridirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Konstituert fiskeridirektør Per Sandberg er tilsett som fiskeridirektør fram til oktober 2021.

Frank Bakke-Jensen blei i haust utnemnt til ny fiskeridirektør, men kan ikkje tiltre stillinga så lenge han er innvald på Stortinget som stortingsrepresentant.

Per Sandberg
Konstituert fiskeridirektør Per Sandberg. Foto: Vegard Oen Hatten

- Med Per Sandberg får vi ein dyktig vikar, og som kjenner direktoratet godt. Med dei viktige oppgåvene som direktoratet står framfor, var det viktig for oss å få ein person i denne stillinga som kan drive arbeidet framover,  seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.