Historisk arkiv

Personvern under press

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Regjeringa aksepterer ikkje at personvernet alltid skal måtte vike for effektivitetskrav. Personvern skal vektleggjast på alle samfunnsområde; i helsevesenet, i samband med kamp mot kriminalitet og i offentleg forvaltning, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys på den europeiske personverndagen 28. januar.

Regjeringa aksepterer ikkje at personvernet alltid skal måtte vike for effektivitetskrav. Personvern skal vektleggjast på alle samfunnsområde; i helsevesenet, i samband med kamp mot kriminalitet og i offentleg forvaltning, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på den europeiske personverndagen 28. januar.

Nyleg var det sterk diskusjon om ønsket om å skanne folk til beinet i tryggingskontrollen på flyplassane. Det vekte stor oppstand. Mange meinte grensa var overskriden for nye, teknologiske tiltak som skulle verne innbyggjarane på kostnad av personvernet.

Det vart etterlyst ein debatt om personvernet. Tiltaket vart utsett. Saka set søkjelys på eit viktig tema: Tiltak for å nå andre politiske mål, som tiltak mot kriminalitet eller betre pasientbehandling, må alltid vegast mot personvernet. Problemet er at dette ikkje alltid skjer. Personvernet vert ståande att som tapar.

Alle ønskjer seg moderne og effektive løysingar. Då er det lett å sjå seg blind på alle gode motiv. Regjeringa aksepterer ikkje at personvernet alltid skal måtte vike for effektivitetskrav. Det skal leggjast vekt på personvern, og det gjeld for alle samfunnsområde; i helsevesenet, i samband med kamp mot kriminalitet og i offentleg forvaltning.

Noko av det viktigaste vi kan gjere for personvernet er å spreie kunnskap og ha ein levande debatt. På denne måten kan vi gjere vårt til at alle som tek avgjerder tenkjer personvern og tek personvernomsyn i arbeidet sitt. Dei må setjast i stand til å vege personvernomsyn mot alle andre omsyn som ligg til grunn for eit tiltak. Til no har Datatilsynet ofte blitt ståande sørgjeleg åleine som forsvarar av personvernet.

Regjeringa ønskjer ein levande debatt om personvernet velkommen. Datalagringsdirektivet, som pålegg lagring av informasjon om borgarane sin elektroniske kommunikasjon for bruk i kampen mot kriminalitet, er eit forslag der debatten om personvernet nærast har vore fråverande. Før vi innfører eit slik omdiskutert regelsett , treng vi ein brei diskusjon om grunnleggjande rettsstatsverdiar som personvern. Kamp mot terror og det kravet folk har på vern av privatlivet sitt må vegast mot kvarandre. Trong for og tilgang til personopplysningar må diskuterast.

Folk må bry seg! Vi må bevisstgjere allmenta. Vi høyrer ofte folk seie dei ikkje er urolege over registrering og overvaking så lenge dei har reint mjøl i posen. Dei legg villig ope ut privat informasjon på Facebook og andre nettsamfunn. Dei gløymer at det vert samla, registrert og handsama informasjon om oss så mange stader at det neppe er nokon som har full oversikt. Og dei gløymer at summen av all den informasjonen som vert lagra kan gi eit skremmande detaljert bilete av oss. Men vi må tenkje heilskapleg og sjå samanhengar.

Regjeringa har varsla fleire tiltak for å ivareta personvernet i møtet med kryssande omsyn. Personvernkommisjonen er oppretta. Kommisjonen skal kartleggje og vurdere dei utfordringar personvernet møter i samfunnet. Den er godt i gang med dette viktige arbeidet, og skal levere rapporten sin i slutten av dette året.

Parallelt med arbeidet i Personvernkommisjonen jobbar regjeringa med personvern i ulike samanhengar. Datatilsynet er tilført ekstra ressursar til kommunikasjonsprosjekt som medverkar til auka merksemd, refleksjon og kunnskap om viktige personvernspørsmål. Regjeringa har auka løyvingane til personvernarbeid med over 10 millionar.

Store deler av midlane går til Datatilsynet og vert nytta til informasjonstiltak retta mot barn og unge. Kampanjen ”Du bestemmer”, har vore ein suksess, og mottok heiderleg omtale under utdeling av den europeiske personvernprisen i desember 2007. Datatilsynet har òg arbeidd med tiltak som skal setje norske verksemder betre i stand til å etterleve personvernregelverket – til beste for oss alle.

Regjeringa vil ta vare på og styrkje personvernet i fleire samanhengar. Mellom anna i helsesektoren er utfordringane mange. Naudsynte helseopplysningar må vere tilgjengelege for dei som treng dei, når dei treng dei. For å sørgje for betre personvern i helsesektoren, har regjeringa til vurdering eit forslag om å innføre reglar som forbyr helsepersonell å skaffe seg tilgang til pasientopplysningar dei ikkje har trong for i tenesta.

Liva våre og kommunikasjonen vår kan i stadig større grad dokumenterast. Det kjem i ein viss grad av  ny teknologi. Telefoni, brev og SMS går direkte mellom avsendar og mottakar. I nye nettverkstenester vert kommunikasjonen lagra sentralt, det gjeld både sosiale nettverk som Facebook og Myspace, og ofte vil e-posten din vere lagra hos e-posttilbydaren din, anten det er Gmail, Hotmail, arbeidsplassen eller studiestaden. Desse opplysningane fortel mykje om livet til brukarane.

Med auka registrering vert det ekstra viktig at opplysningane berre vert brukt til relevante formål, og at løysingane er sikra godt nok. Eit sentralt spørsmål er kven som skal ha tilgang til opplysningane. Regjeringa er oppteken av at tilgangskontrollen skal vere streng og finmaska ved innsyn i særleg skjermingsverdige opplysningar, som helseopplysningar.

Tekniske nyvinningar kan sikre betre vilkår for personvernet. Eit døme er den planlagde løysinga for elektroniske reseptar. Resepten kan ”låsast” med eit referansenummer, og pasienten har same kontroll over reseptopplysningane som han har med papirreseptar. Berre dei som pasienten gir referansenummeret til, vil få tilgang til reseptinformasjonen. Dette er ein god illustrasjon at teknologi vert nytta for å gi betre personvern.

Regjeringa ønskjer auka satsing på ulike typar personvernfremjande teknologi. Eit døme på dette er tekniske løysingar som legg til rette for auka bruk av innsynsrett. Regjeringa har som mål at alle offentlege verksemder skal leggje til rette for at innbyggjarane skal kunne hente ut elektronisk informasjon om seg sjølve på ein enkel og sikker måte. Slikt innsyn er mogleg gjennom den offentlege portalen Miside.

Media har òg ei viktig rolle i kampen for å sikre personvernet. Medieoppslag viser at kommunar har røpa opplysningar med teieplikt gjennom postjournalane, fødselsnummer har vore tilgjengelege i prospekt, og i fjor sommar såg vi at personopplysningar for over 100.000 personar kunne tappast gjennom teleoperatørane sine tingingstenester. Det er bra at media set søkjelys på slike kritikkverdige forhold og sørgjer til at vi får ein viktig debatt. Datatilsynet er avhengig av tips.

Vi har ein personopplysningslov som jamnleg vert broten. Kanskje bør Datatilsynets få nye og kraftigare verkemiddel. Regjeringa vurderer om Datatilsynet skal få høve til å gi overtrededingsgebyr når reglane vert brotne.

Vi høyrer stadig om folk som har blitt fråstolne identiteten sin. Folk må åtvarast mot å leggje ut bilete og personleg informasjon på nettet. I dag, 28. januar, markerast personverndagen. Mi oppfordring i dag er at alle tek eit ansvar for sitt eige og andre sitt personvern. Bruk sunt vet på nettet - og i andre samanhengar der personvernet vert utfordra!