Presseinvitasjon

Pressekonferanse om PIRLS-undersøkinga 2016

Resultata frå den internasjonale leseundersøkinga PIRLS 2016 blir lagt fram på ein pressekonferanse i Oslo, tysdag 5. desember. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil kommentere resultata etter at forskarane frå Lesesenteret har lagt fram den norske rapporten.

Nett-tv Pressekonferanse om PIRLS-undersøkinga 2016

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Tysdag 5. desember  kl. 10.00-12.00

Stad: Berg skole, John Colletts allé 106, Oslo.

I fjor kom resultata frå PISA, som viste at norske elevar på 10. trinn les betre enn før. 5. desember får vi resultata frå ei anna internasjonal undersøking, PIRLS (Progress in Reading Literacy Study), som måler leseferdigheter hos elevar på 4. og 5. trinn. PIRLS blir gjennomført kvart femte år. 52 land deltok i 2016. I Noreg deltok 8600 elevar ved 160 skolar, i 430 klasser. Norske elevar på 5. trinn deltok òg i den elektroniske undersøkinga ePIRLS, som måler lesing på nett.

Etter pressekonferansen blir det besøk i klasseroms med 5.-klassingar som jobbar med lesestrategiar. Det blir høve til å intervjue både kunnskapsministeren, forskarane og elevar og tilsette ved Berg skole.

Program:

Kl. 1000-1010: Rektor Yngvil Hestenes ønskjer velkomen.

Utdanningsdirektoratet v/ direktør Erik Bolstad Pettersen fortel kort om bakgrunnen for undersøkinga.

Kl. 1010-1030: Forskar Egil Gabrielsen legg fram hovedfunna frå undersøkinga.

Kl. 1030-1040: Kunnskapsministeren kommenterer funna.

Kl. 1040-1100: Separate intervju for pressa.

Kl. 1100-1130: Besøk til elevar på 5. trinn

1130-1150: Medietid. 

Kontaktperson for kunnskapsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, e-post ajf@kd.dep.no,telefon: 95936485

Kontaktperson for Utdanningsdirektoratet: Kommunikasjonsrådgivar Marianne Nordengen, e-post marianne.nordengen@udir.no, telefon: 90765748

 

http://regjeringen_live.23video.com/manage/live/20127121