Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren inviterer til viktig høgnivåmøte i Barentssamarbeidet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Noreg er midtvegs i sin periode som leiar i Barentsrådet og utanriksminister Ine Eriksen Søreide ynskjer større merksemd om det viktige Barentssamarbeidet, som er hjørnesteinen for kontakten mellom landa i nord. (Møtet vil vere tilgjengeleg på nett-tv frå klokka 10.00).

Nett-tv The Barents Euro-Arctic Region High-level meeting

Se sendingen her

Se sendingen her

Måndag 26. oktober er ho vert for eit digitalt, høgnivå barentsmøte saman med Landshøvding i Västerbotten, Helena Hellmark Knutsson, som leiar Barents Regionråd. Noreg ynskjer å gi dialogen mellom Regionrådet og Barentsrådet auka tyngde og difor vert det for fyrste gong halde eit felles høgnivåmøte i regi av dei to rådsledarane. 

- Vi må halde fram med å utvikle og styrke samarbeidet, trass dei utfordringane koronapandemien skaper, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Russland, Sverige, Finland, Island, Danmark og EU deltek på møtet i tillegg til regionale representantar. Deltakarane skal drøfte korleis dei kan styrke og utvikle Barentssamarbeidet.

- Eg har tatt initiativ til dette møtet saman med Landshøvding Hellmark Knutsson for å bidra til å oppretthalde dynamikken i Barentssamarbeidet i ei krevjande tid. Blant dei spørsmåla vi vil diskutere er digitalisering, helse, ungdom, infrastruktur, berekraft og finansiering. Felles utfordringar vert best løyst i fellesskap gjennom konkrete prosjekt, seier utanriksministeren.

Noreg arbeider for oppretting av ein finansieringsmekanisme under Barentsrådet og leiar ei arbeidsgruppe der målet er å einast om dette. Eit felles fond vil gi meir substans til Barentssamarbeidet og støtte opp under arbeidsgruppene sin aktivitet, seier utanriksministeren. Saka vil bli drøfta på møtet.

Noreg er oppteken av å fremje det arbeidet som vert gjort på regionalt nivå. Dette er ei viktig drivkraft i Barentssamarbeidet. 

- Vi er opptekne av å lytte til aktørar i regionen og ha tett kontakt med ungdom, urfolk, Barentsrådets arbeidsgrupper og regionane. Kontakten mellom folk over grensene i nord er kjernen i Barentssamarbeidet, seier Eriksen Søreide. - Det er ekstra viktig å støtte opp om Barentssamarbeidet nå som pandemien legg begrensning på høvet til å møtast.

Nordområda er regjeringas viktigaste strategiske ansvarsområde. Noreg legg vekt på dialog med andre arktiske statar for å løyse felles utfordringar i Arktis.

- Regionen er prega av samarbeid og stabilitet, og Arktisk råd og Barentsrådet er viktige arenaer for dette, seier utanriksministeren.

Noreg har hatt formannskapen i Barentsrådet sidan 2019 og avsluttar i 2021. Hovudoverskrifta i arbeidet har vore ‘ein sterk og livskraftig Barentsregion’ -  med helse, folk-til-folk og kunnskap som tema. I november 2019 arrangerte Noreg historiens fyrste Barents helsetoppmøte som skal følgjast opp med eit ekspertmøte på e-helse 8. desember. I møtet vil utanriksministeren også ta opp behovet for styrka digitale helseløysingar.

- Pasientar og helsepersonell i Barentsregionen har behov for gode digitale løysningar som gjer folks liv enklare og tryggjar god behandling, påpeikar Eriksen Søreide.

Det er under formannskapen bevilga 30 millioner kroner til forskning i Barentsregionen gjennom Forskningsrådet. Andre satsingar er auka ungdomsmedvirking i samarbeidet, oppdatering av klimahandlingsplan, og sjølvsagt urfolk.  

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 97671250