Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 11, 2015

Her følgjer eit utdrag av programmet for politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 11, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 9. - onsdag 11.mars
Utanriksministeren deltek i regjeringa sin budsjettkonferanse. Stad: Hurdalssjøen hotell og konferansesenter.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 12. mars
Kl. 09.00: Utanriksministeren held innlegg på arrangementet Arctic Summit, i regi av The Economist. Stad: Oslo (Hotel Bristol)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Utanriksministeren deltek i debatt i Stortinget om den utanrikspolitiske utgreiinga. Stad: Oslo (Stortinget)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 12. - fredag 13. mars
Utanriksministeren deltek på utanriksministermøte for dei nordiske og baltiske landa, landa i Visegradgruppa og Ukraina. Sjå eiga pressemelding. Stad: Poprad, Slovakia

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 9. mars - onsdag 11. mars
Statsråd Helgesen deltek i regjeringas budsjettkonferanse. Stad: Hurdalssjøen hotell og konferansesenter.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 12. mars
Kl. 16.15: Statsråd Helgesen møter i Europautvalet i Stortinget, der temaet mellom anna er arbeidsprogrammet for EØS. I møtet deltek også næringsminister Mæland for mellom anna å snakke om TTIP.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 9. mars
Kl. 12.30: Statssekretær Pedersen opnar ein rundebordskonferanse om internasjonal cyberpolitikk. Dei nordiske og baltiske landa samt Polen og Storbritannia deltek. Stad: Oslo (Grand hotell).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 10. mars
Kl. 09.30: Statssekretær Pedersen møter leiaren i Den jødiske verdskongressen, Robert Singer. Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 11. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Pedersen møter barneombod Anne Lindboe. Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 13. mars
Kl. 13.00: Statssekretær Pedersen møter Mark Lagon, leiar av Freedom House. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 9. mars - torsdag 12. mars
Statssekretær Brattskar deltek i den 59. kvinnekommisjonen i FN. Sjå eiga pressemelding. Stad: New York.

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Statssekretær Morten Høglund

Torsdag 12. til fredag 13. mars
Statssekretær Høglund vitjar Singapore for politiske samtaler. Formålet med reisa er mellom anna å styrke partnerskapet mellom Noreg og Asean og å fremje norske næringsinteresser i regionen. Høglund vil mellom anna møte representantar for den norske næringsklynga i Singapore. Sjå eiga pressemelding.

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Søndag 8.- måndag 9. mars
Statssekretær Stub besøkjer Sofia i Bulgaria og deltek på markeringa av kvinnedagen saman med romkvinner frå ulike område i Bulgaria. I tillegg møter Stub viseutanriksminister Rumen Aleksandrov og representantar frå næringsliv, styresmakter, sivilsamfunn, tenketankar og FN.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 13. mars
Kl. 09.45: Statssekretær Stub møter den nye utanriksråden på Island, Stefan Haukur Johannesson. Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.