Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementets program veke 16

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 16, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort  i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 13. april
Kl. 09.45: Utanriksminister Brende innleier på Rederiforbundet sin årskonferanse. Stad: Oslo (Rådhusgata 25)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 19.00: Utanriksminister Brende deltek på middagen i samband med Rederiforbundet sin årskonferanse. Stad: Oslo (Rådhusgata 25)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 14. april
Kl. 10.00: Utanriksminister Brende deltek i debatten om «Stortingsmelding 8 (2014-2015) om eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 2013, eksportkontroll og internasjonalt ikke-spredningssamarbeid» og om «Stortingsmelding 10 (2014-2015): Muligheter for alle – menneskerettighetene som mål og middel i utenriks- og utviklingspolitikken». Stad: Oslo (Stortinget).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 15. – sundag 19. april
Utanriksminister Brende deltek på vårmøtet i Verdsbanken. Han skal også ha møte med amerikanske styresmakter. Sjå eiga pressemelding. Stad: Washington D.C.

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Statsråd Vidar Helgesen

Tysdag 14. og onsdag 15. april
Statsråd Helgesen reiser til Bucuresti for å møte den rumenske statsministeren Victor Ponta, utanriksminister Marius Nica og EU-fondminister Bogdan Aurescu. Helgesen vil også vitje fleire prosjekt finansiert av EØS-midlane.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.

Fredag 17. og laurdag 18. april
Statsråd Helgesen reiser til New Delhi 17.-18. april for å delta på eit toppmøte for næringsliv i Noreg og Asia. Norsk næringsliv i Asia samlast kvart år til konferansen Norway-Asia Business Summit, og Helgesen skal opne konferansen saman med indiske styresmakter. På statsråden sitt program står også møte med handels- og industriminister Nirmala Sitharaman og bedriftsbesøk til Uninor.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen 468 11 754.

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 13. april
Kl. 14.00: Statssekretær Pedersen møter representantar frå sivilsamfunnet i forkant av tilsynskonferansen for ikkje-spreiingsavtalen (NPT). Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 16. – fredag 17. april
Statssekretær Pedersen deltek på «Global Conference on Cyberspace» i Haag. Sjå eiga pressemelding. Stad: Haag, Nederland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 13. april
Kl. 11.00: Statssekretær Brattskar møter Swanee Hunt, leiar for Institute for Inclusive Security. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.30: Statssekretær Brattskar opnar Fredskorpset sin helsekonferanse: "Vision 2030 and Global Health". Stad: Oslo (Rikshospitalet)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.00: Statssekretær Brattskar møter leiaren av kommunesektorens organisasjon (KS), Gunn Marit Helgesen. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 14. april
Kl. 09.00: Statssekretær Brattskar møter den kenyanske likestillingskommisjonen (National Gender and Equality Commission). Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.15: Statssekretær Brattskar er vert for ein lunsj med ein parlamentarikardelegasjon frå Ghana. Stad: Oslo (Christiania Café)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Tysdag 14. – fredag 17. april
Statssekretær Høglund reiser til Nepal og India. I Nepal skal Høglund ha politiske samtalar med mellom anna statsminister og utanriksminister. Han skal også ha møte om utviklingssamarbeidet med Nepal, som er eit av fokuslanda for norsk bistand, og vitje prosjekt som er støtta av norske midlar. I India Skal Høglund delta på «Norway-Asia Business Summit», og ha møte med indiske styresmakter. Sjå eiga pressemelding.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Torsdag 16. april
Statssekretær Stub held innlegg på NHO Sogn og Fjordane sin europadag. Statssekretæren skal også besøke bedrifta «Brødrene Aa» i Hyen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.