Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 23

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 23, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 1. juni
Utanriksminister Brende deltek på London-konferansen i regi av den internasjonale tankesmia Chatham House. Utanriksministeren skal også møte den britiske utviklingsministeren, handels- og investeringsministeren og leiaren for Underhuset. Sjå eiga pressemelding. Stad: London

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Tysdag 2. - torsdag 4. juni
Utanriksminister Brende er i Paris for å delta på møte i den globale koalisjonen for kampen mot Isil, etterfølgt av det årlege ministermøtet i OECD. Sjå eiga pressemelding. Stad: Paris.

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Fredag 5. juni
Kl. 09.00: Utanriksminister Brende deltek på konferansen mot valdeleg ekstremisme. Sjå eiga pressemelding. Stad: Quality Hotel Expo, Fornebu

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Kl. 12.00: Utanriksminister Brende deltek på statsminister Erna Solberg sin lunsj for generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 1. juni
Kl. 12.30: Statsråd Helgesen deltar på dialogmøte med EU om regelverk for klimamål 2030, i regi av Klima- og miljødepartementet. Stad: KLD.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 15.00-16.45: Statsråd Helgesen held innlegg under partisamlinga til EPP, den europeiske samanslutninga av sentrum-høgre-parti. Stad: Høyres Hus.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, 468 11 754.

Kl. 16.45-17.15: Statsråd Helgesen møter EU-kommissær for klima og energi, Miguel Arias Cañete saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 19.30-20.30: Statsråd Helgesen deltar på mottakinga i samband med EPP-møtet. Stad: Oslo Rådhus.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, 468 11 754.

Tirsdag 2. juni
Statsråd Helgesen er i Bergen for å halde opningsinnlegget på årskonferansen til NHH. Han skal og ha innlegg på CMI. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Bergen.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 3. juni
Kl. 09.00-10.30: Statsråd Helgesen deltar på eit frukostmøte saman med næringsminister Monica Mæland, i regi av Nærings- og fiskeridepartementet. Tema er ny modell for investeringsavtalar. Stad: Plenumssalen i R4.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 15.30-17.00: Statsråd Helgesen er vert for ei mottaking for sentrale aktørar under den europeiske ungdomskonferansen mot valdeleg ekstremisme.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ane Lunde 976 71 250.

Torsdag 4. juni
Kl. 10.30-10.45: Statsråd Helgesen held innlegg på Bellona-konferansen «Norge i 2050: et lavutslippssamfunn». Stad: Gamle Logen.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 16.00-16.30: Statsråd Helgesen held innlegg under lanseringa av det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme. Stad: Quality Hotel Expo Fornebu.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Onsdag 3. juni
Statssekretær Pedersen deltek på eit seminar om nordområda, i regi av Folk och Försvar, Institutt for forsvarsstudier (IFS) og den norske ambassaden i Stockholm. Sjå eiga pressemelding. Stad: Stockholm.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 4. juni
Kl. 12.30: Statssekretær Pedersen møter Sarah Sewall, statssekretær for sivil tryggleik, demokrati og menneskerettar i det amerikanske utanriksdepartementet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.00: Statssekretær Pedersen møter Yves Daccord, generaldirektør i Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC). Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar

Tysdag 2. juni
Statssekretær Brattskar deltek på statssekretærmøte i Nordic+. Nordic + er eit kontaktforum for dei nordiske landa, Storbritannia, Irland og Nederland om globale utviklingsspørsmål. Sjå eiga pressemelding. Stad: Reykjavik, Island

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 3. juni
Kl. 11.15: Statssekretær Brattskar møter den ugandiske advokatforeininga. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.00: Statssekretær Brattskar deltek på konferansen «Environmental Emergencies Forum». Stad: Holmenkollen Park Hotell, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.45: Statssekretær Brattskar møter Einar Bjørgo, leiar for Unosat (FN sitt kontor for satellittbaserte tenester). Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 4. juni
Kl. 15.00: Statssekretær Brattskar møter ein etiopisk justisdelegasjon. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 1. juni
Kl. 14.00: Statssekretær Høglund har møte med samarbeidsutvalet for Innovasjon Norge. Stad: Innovasjon Norge, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 2. juni
Kl. 12.30: Statssekretær Høglund deltek på møte i Kompakt (regjeringa sitt konsultasjonsorgan i saker knytta til næringslivet sitt samfunnsansvar).Tema er klima og næringsliv. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 09.15: Statssekretær Høglund møter ein parlamentarikardelegasjon frå Panama. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 3. – 5. juni
Statssekretær Høglund vitjar Sør-Afrika for å delta på World Economic Forum (WEF) om Afrika. Han skal også møte norske bedrifter basert i Sør-Afrika. Sjå eiga pressemelding. Stad: Sør-Afrika

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Tysdag 2. juni
Statssekretær Stub deltek på Europapolitisk forum, ein møteplass for regionale og lokale styresmakter og Sametinget, om europapolitiske saker. Stad: Ålesund

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.