Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 26

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 26, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Onsdag 24. - fredag 26. juni
Utanriksminister Brende vitjar Nepal. Han skal ha møte med representantar for styresmaktene, møte hjelpeorganisasjonar og delta på ein gjevarkonferanse for gjenoppbygginga etter jordskjelvet. Sjå eiga pressemelding. Stad: Kathmandu (Nepal).

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Statsråd Vidar Helgesen

Onsdag 24. juni
Kl. 09.00: Statsråd Helgesen held opningsinnlegget på toppleiar-konferansen i Jotun, om regjeringa sin europapolitikk, innovasjon og vekstkraft, kvifor EU er ein viktig marknad og regjeringa sin innsats for norsk næringsliv i utlandet. Pressa kan vere til stades under statsråden sin tale. Stad: Scandic Park, Strandpromenaden 9, Sandefjord.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Fredag 26. juni
Kl. 10.30: Statsråd Helgesen og statssekretær Ingvild Stub møter utsendingar frå organisasjonar for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i Polen, Ungarn og Tsjekkia, og leiinga i LLH og Oslo Pride. EØS-/EU-minister Helgesen vil vere tilgjengeleg for pressa etter møtet, ca kl. 11.15, saman med representantar for organisasjonane. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 12.30: Statsråd Helgesen held tale på UIPI-kongressen, i regi av Huseigaranes Landsforbund (HL). UIPI er ein paraplyorganisasjon for dei europeiske søsterorganisasjonane til HL. Stad: Oslo (Clarion Hotell Royal Christiania).

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 22. - onsdag 24. juni
Statssekretær Bård Glad Pedersen vitjar Washington D.C. Han møter mellom anna representantar for styresmaktene, Kongressen og tankesmier. Sjå eiga pressemelding. Stad: Washington D.C., USA

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 25. juni
Kl. 13.30: Statssekretær Pedersen møter den ukrainske statssekretæren for europasaker, Nataliia Gnydiuk. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 26. juni
Kl. 13.30: Statssekretær Pedersen møter representantar frå sivilt samfunn om ikkje-spreiingsavtala (NPT) og kjernevåpen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 22. juni
Kl. 10.30: Statssekretær Brattskar deltek på lanseringa av årsrapporten om global mattryggleik. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 25. juni
Kl. 10.00: Statssekretær Brattskar deltek under lanseringa av den årlege evalueringsrapporten til Norad. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Morten Høglund

Onsdag 24. juni
Kl. 12.00: Statssekretær Høglund held tale på Fritt ord si pressepristildeling. Stad: Nobelinstituttet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Tysdag 23. juni
Kl. 09.00: Statssekretær Stub møter den ukrainske statssekretæren for europasaker, Nataliia Gnydiuk. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.15: Statssekretær Stub er vert for ein lunsj for representantar frå styresmaktene i Ukraina på studiebesøk i Noreg.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 26. juni
Kl. 10.30: Statsråd Helgesen og statssekretær Ingvild Stub møter utsendingar frå organisasjonar for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i Polen, Ungarn og Tsjekkia, leiinga i LLH og Oslo Pride. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl 13.45: Statssekretær Stub held foredrag for Young Ambassadors om regjeringa si europapolitikk. Stad: Nydalen vidaregåande skule, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.