Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 27

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 27, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Onsdag 1. juli
Kl. 08.45: Utanriksminister Brende er vert for eit foredrag tidlegare president i USA, Bill Clinton, held for mellom anna tilsette i Utanriksdepartementet. Det vil vere eit avgrensa tal med plassar for media. Eigen presseinformasjon vil følgje. Stad: Hotel Radisson Blu, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00: Utanriksminister Brende møter administrerande direktør i Abelia, Håkon Haugli. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.00: Utanriksminister Brende held ei orientering for norske og utanlandske journalistar i samband med Oslo Summit Education for Development. Eigen invitasjon følgjer. Stad: UD.

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Onsdag 1. – torsdag 2. juli
Utanriksminister Brende er i Genève. Han møter mellom anna Røde Kors-president Peter Maurer, FNs spesialutsending for Syria, Staffan de Mistura, og generaldirektør Robert Azevedo i WTO. Stad: Genève, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 29. juni
Statsråd Helgesen er i Finland for å ha møte med utanriks- og EU-ministeren Timo Soini, samarbeids- og samferdsleminister Anne Berner og Teija Tiilikainen, leiar for FIIA, det finske utanrikspolitiske instituttet. Stad: Helsingfors.

Pressekontakt: Avdelingsdirektør John Mikal Kvistad, 410 09 439

Torsdag 2. juli
Statsråd Helgesen er i Paris, mellom anna for å møte Philippe Leglise-Costa, leiar for den franske regjeringas samordningseining for europaspørsmål. Stad: Elysée-palasset, Paris.

Pressekontakt: Therese W. Bazard, +33 786 277339.

Fredag 3. og laurdag 4. juli
Statsråd Helgesen deltek på konferansen Les Rencontres Economiques d'Aix-en-Provence. Konferansen samlar sentrale franske og internasjonale politikarar, næringslivsleiarar og akademikarar. Helgesen skal delta i ein paneldebatt om mobilitet på arbeidsmarknaden fredag ettermiddag. Over 30 land er representert med om lag 4000 deltakarar i «Frankrikes versjon av WEF i Davos». Stad: Aix-en-Provence, Frankrike.

Pressekontakt: Avdelingsdirektør John Mikal Kvistad, 410 09 439

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Tysdag 30. juni – laurdag 4. juli
Statssekretær Pedersen er på reise i Myanmar for å følgje opp den norske støtta til freds- og reformprosessen. Han vil også ha samtalar om den politiske situasjonen fram mot haustens parlamentsval. Sjå eiga pressemelding. Stad: Yangon, Myanmar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 29. – tysdag 30. juni
Statssekretær Brattskar deltek på møte med Tidewater om utviklingspolitikk. Stad: Oegstgeest, Nederland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Tysdag 30. juni – onsdag 1. juli
Statssekretær Høglund deltek på møte om Global Review of Aid for Trade med WTO i Genève. Stad: Genève, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Tysdag 30. juni – onsdag 1. juli
Statssekretær Stub er i London for politiske samtalar og møter mellom anna europadirektør Vijay Rangarajan i det britiske utanriksdepartementet og Pat MacFadden, skyggeminister for europasaker i det britiske parlamentet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.