Vis heile kalenderen

23.05.2016

  • Statsbesøk frå Polen

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Statsminister Erna Solberg tek imot Polens president Andrzej Duda til samtalar i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

    Ein fotopool som består av Scanpix, NRK og TV2 har høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek imot presidenten. Den same fotopoolen kan også fotografere inne ved starten av møtet. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 15.30. Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2, inngang frå Parkveien.

    Kl. 16.40: Statsministeren og presidenten held pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2.

    Kl. 19.20: Statsministeren deltek i kongeparets gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Polen.