Historisk arkiv

Positiv til initiativ frå Vestlandet om felles pilotprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Vestlandsfylka har teke eit interessant initiativ for samarbeid og utvikling av ein ny og sterkare region, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Han stiller seg positiv til at dei tre fylka vil sjå nærare på korleis ein ny stor Vestlandsregion kan bidra til betre koordinering av statlege og regionale verkemiddel for utvikling av regionen.

Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har i brev til statsråden foreslått å opprette eit pilotprosjekt for å vidareutvikle og samordne statleg og regional verkemiddelbruk i den framtidige regionen. Første steg vil vere å gjennomføre ein forstudie for å vurdere korleis piloten kan utformast.

– Stortinget har bedd regjeringa gjennomføre ein regionreform som resulterer i om lag ti regionar. Eit ledd i reforma er å styrke regionane si rolle som samfunnsutviklarar. Difor er det interessant at vestlandsfylka ynskjer å gjennomføre eit pilotprosjekt på dette, seier Sanner.

Fylkeskommunane kan søkje om forsøk som reiskap for utvikling av forvaltinga.

Sanner trekk frem at ein pilot eller forsøk med føremål å hauste erfaringar med korleis nye og større folkevalde regionar kan bli styrka i rollen som samfunnsutviklar, vil og vere av interesse og nytte for staten.

– Dersom Vestlandsfylka nå i desember fattar vedtak om samanslåing, og set i gong ein prosess med å vidareutvikle ei skisse til pilotprosjekt, vil eg invitere fylkesordførarane til eit møte for å drøfte korleis ein pilot kan innrettast og korleis prosessen kan leggjast opp, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om å bli informert undervegs i forstudien, slik at departementet kan bidra til konstruktiv oppfølging frå staten si side.

Svaret frå kommunal- og moderniseringsministeren inneber ikkje ei godkjenning på førehand av eit pilotprosjekt. Fylkeskommunane vil etter endt forstudie måtte søkje om gjennomføring av pilot dersom det inneber unntak frå gjeldande lover, forskrifter eller anna formell endring i ansvar og myndigheit mellom staten og fylkeskommunane.

Svarbrev: Pilotprosjekt Vestlandet - betre koordinering av statlege og regionale verkemiddel (pdf)