Historisk arkiv

Post- og telekommunikasjonar: Effektiv konkurranse og gode tenester over heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 117/03
Dato: 08.10.03

Statsbudsjettet 2004:

Post- og telekommunikasjonar: Effektiv konkurranse og gode tenester over heile landet

Regjeringa har som mål å fremje effektiv og verksam konkurranse på post- og telemarknadene, og å sikre husstandar og bedrifter tilgang til grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege priser over heile landet.

Samla budsjettforslag for post og telekommunikasjonar er på 506 millionar kroner.

Dette er ein auke på 24 millionar kroner frå 2003, korrigert for eingongsutgifter i samband med at det for 2003 vart løyvd 600 millionar kroner i tilførsel av ny eigenkapital til Posten Norge AS.

Kjøp av posttenester – 316 millionar kroner

Staten kjøper tenester av Posten Norge AS for å sikre heile landet tilgang til grunnleggjande posttenester. For 2004 er det foreslått 316 millionar kroner til kjøp av posttenester, ein auke på 11 millionar kroner eller 3,6 prosent samenlikna med 2003.

Regjeringa legg til grunn for løyvinga at Posten fører vidare ordninga med postomdeling seks dagar i veka i område der dette ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt. Det ligg òg til grunn for løyvinga at dagens ekspedisjonsnett i landposttenesta skal oppretthaldast, at posttenesta på Svalbard skal ha same pris som på fastlandet og at framsending av blindeskriftsendingar skal vere gratis.

Post- og teletilsynet

Post- og teletilsynet fører tilsyn med post- og telemarknadene. Dette omfattar mellom anna kontroll med kvaliteten på tenestene og sikring av konkurranse i dei delane av marknaden der det er opna for det.

Det er gjort framlegg om 190,4 millionar kroner til Post- og teletilsynet i 2004. Dette er ein auke på 12,7 millioner kroner eller 7,1 prosent frå 2003. Auken kjem av kostnader i samband med at tilsynet skal flytte frå Oslo til Lillesand innan 2006.