Historisk arkiv

Preikestolen Fjellstue fekk Statens byggeskikkpris 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Juryen grunngjev utdelinga med at Preikestolen Fjellstue representerer framifrå formgjeving der nyskapande trearkitektur, miljø og stadforståing er i fokus

Juryen grunngjev utdelinga med at Preikestolen Fjellstue representerer framifrå formgjeving der nyskapande trearkitektur, miljø og stadforståing er i fokus.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte i dag ut prisen på 200 000 kroner til byggherren Stavanger turistforening og arkitektkontoret Helen & Hard. Statens byggeskikkpris vert rekna som ein av dei gjævaste prisane innan norsk arkitektur- og byggjebransje.

- Eg gratulerer med prisen! God byggjeskikk skal peika framover og syna kva som er mogleg når vilje, fantasi, arkitektonisk kreativitet og kunnskap vert tøygd. Byggherre og arkitektar har gjort eit framifrå og imponerande arbeid med Preikestolen Fjellstue. Dei er verdige vinnarar, seier Kleppa.  

- Som bygningsminister ynskjer eg å stimulera byggje- og anleggsnæringa til å satsa på berekraftige og samfunngagnlege kvalitetar. Difor har vi frå og med i år utforma statuttane for Statens byggeskikkpris slik at byggverk som får prisen må oppfylla viktige krav til universell utforming, energi og miljø, påpeikar Kleppa. 

Utstilling i regjeringskvartalet

Dagen romma òg opning av utstilling i foajeen til regjeringskvartalet. Utstillinga syner vinnaren av Statens byggeskikkpris 2009, samt dei sju andre nominerte prosjekta i bilete, ord og teikningar. Utstillinga vil vera open for alle heile sommaren.

Utdrag frå juryen si grunngjeving

Preikestolen Fjellstue ligg i Strand kommune i Rogaland. Fjellstova er teikna av arkitektfirmaet Helen & Hard, som vann arkitektkonkurransen om ny turistforeiningshytte ved Preikestolen i 2004. Stavanger Turistforening har vore byggherre og Holz100 hovudentreprenør. Bygget er på 1290 kvadratmeter. Tomta ligg i skråninga ovanfor den gamle Preikestolhytta frå 1949 og Refsvatnet. Preikestolen Fjellstue blei opna i november 2008.

Preikestolen Fjellstue ligg godt i landskapet med eit bygningsvolum som gjev assosiasjonar til fjellandskapet omkring. Bygningsvolumet er forma etter det nære terrenget. Dette medverkar til det vellukka forholdet til landskapet og gjev ein fin inngangssituasjon mot den storslåtte utsikten.

Preikestolen Fjellstue sitt arkitektoniske uttrykk er eit direkte resultat av arkitektane sin evne til å sjå det formmessige og estetiske potensialet i massivtre. Både arkitektane og byggherren har vist mot og eksperimentell lyst, noko som har resultert i eit nytt formspråk. Bruken av tre er så konsistent at fjellstova trer fram som eit estetisk gjennomarbeidd prosjekt.

Heidrande omtale til tre bygg

Universet studentbarnehage i Tromsø, Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern i Helse Førde og Hundsund grendesenter fekk heidrande omtale av juryen.

Relevante lenkjer:

Sju nominerte til Satens byggeskikkpris 2009

Ny jury for Statens byggeskikkpris 2009-2012!

Lenkje til statuttane

Tidlegare vinnarar av Statens byggeskikkpris (1983 – 2006)