Historisk arkiv

Premiering av barne- og ungdomslitteratur og teikneseriar i 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Premiering av barne- og ungdomslitteratur og teikneseriar i 2001

Premiering av barne- og ungdomslitteratur og teikneseriar utgjevne i 2001, Oslo Militære Samfund, 12. april 2002

Gode bokvener,

Det er ei stor glede for meg i dag å få dela ut premiane for god barne- og ungdomslitteratur og teikneseriar for 2001.

Barnelitteraturen, slik vi kjenner han, har eksistert i ei forholdsvis kort tid, og ungdomsbøkene endå kortare. Eit døme på korleis det var då Sigrid Undset var ei lita jente, får vi i Anne B. Ragdes Undset-biografi:

"Det fantes nesten ikke barnebøker. Ikke sånn som nå. Unger leste det som voksne leste. Eventyrene til Asbjørnsen og Moe, eller H.C. Andersen, var egentlig skrevet for voksne. Det som ble laget for barn, var ofte helt sprø historier som skulle få barna til å oppføre seg ordentlig.

Hvis de ikke vasket seg, ble de stjålet av skurker og tiggere, og hvis de pillet seg i nesa, svulmet den opp og falt av. Det ble kalt "oppdragende litteratur"."

Så sånn var det før i tida! Heldigvis har det skjedd mykje innanfor dette feltet. I dag har litteratur for barn ein sjølvsagt plass i samfunnet vårt, og det er fyrst og fremst dei kunstnarlege kvalitetane ved bøkene vi no er opptatt av. Det er jo heller ikkje berre barn som les og har glede av barnelitteratur. Den gode litteraturen vi las som barn sit i oss også som vaksne. Når vi les høgt for barn kan vi framleis ha stor glede av å lesa både ny barnelitteratur og gamle klassikarar, og i tillegg kjem gleda ved å sjå korleis bøkene blir mottatt av dei vi les for.

Vi vart minna på noko av dette då Astrid Lindgren gjekk bort tidlegare i år. Tankane våre gjekk til dei fantastiske bøkene hennar, som ikkje berre har sett spor etter seg i tallause barnehjarte, men òg i hjarta på alle oss vaksne som både har lese bøkene sjølve, og som har lese dei for andre.

Kvifor gir bøkene til Astrid Lindgren oss så mykje? Ho har skapt litterære personar som har blitt verkelege for oss, ho har laga ei verd vi kan leva oss inn i. Her er fantasi og spaning, mykje glede, men òg alvor og sorg.

Astrid Lindgren kunne ikkje sjølv gi ei oppskrift på ei god barnebok.

Då ho jobba i forlag vart ho ofte spurt om korleis ei bra barnebok skulle vera. Kvar gong vart svaret: Ho skal vera bra! - Så sjølvsagt, og så vanskeleg er det.

Dei gode barnebøkene er skattar som må takast godt vare på. I Sverige vil den svenske regjeringa skipa ein internasjonal litteraturpris i Astrid Lindgren sitt namn. Astrid Lindgren-prisen skal delast ut til ein enkelt forfattar, eller til ein organisasjon eller institusjon som arbeider med å fremja lesing blant barn og unge.

I Noreg har vi lange tradisjonar på dette området, med departementet si premiering av barne- og ungdomslitteratur kvart år sidan 1948.

Det er viktig med blest både omkring bøkene og dei som lagar bøkene. Eg tenkjer då både på forfattarane, illustratørane og teiknarane.

Samspelet mellom ord og bilete er svært viktig i barne- og ungdomslitteraturen.

I biletboka skaper møtet mellom tekst og illustrasjonar ein eigen estetikk, der sjølve forteljinga kjem klart til uttrykk. Teksten avgjer korleis vi skal oppfatta bileta, men bileta kan òg endra vår forståing av ein tekst. Dette er ein viktig lærdom. Barn er i dag omgitt av bilete på alle kantar. Gjennom TV, reklame, video, internett og dataspel møter dei mange, ulike og til dels kompliserte biletkodar.

Biletboka med sine kunstnarlege bilete kan ha ein viktig funksjon her. Ho kan vera ein inngangsport til å oppleva og forstå at bilete representerer ei tolking av røyndomen.

Medan biletboka i hovudsak rettar seg mot små barn, er teikneseriar kanskje i større grad ungdomane sitt medium.

Norsk kulturråd har sidan 1993 hatt ei fast støtteordning for nye norske teikneseriar og denne har hatt mykje å seia for utviklinga på dette området, som tidlegare i stor grad var dominert av omsette, internasjonale seriehefte.

Dei siste ti åra har vi sett ein enorm vekst innanfor denne sjangeren, og fleire norske seriar har no både fast plass i aviser og eigne seriehefte! Norske teikneseriar er no fleire og meir populære enn nokon gong. Dei har svært høg kvalitet og set stadig nye opplagsrekordar.

Før vi går over til dei premierte i år, vil eg runda av med ei bøn som Astrid Lindgren har skrive:

"Å mektige feer! Gi mitt barn i faddergave ikke bare helse og skjønnhet og rikdom og alt det der som dere pleier å komme stikkende med. Gi mitt barn lesehunger, det ber jeg dere om med brennende hjerte. For jeg vil så gjerne at mitt barn skal få i sin hånd nøkkelen til eventyrlandet, hvor man kan hente den skjønneste av alle gleder."

Den som i barndommen finn denne nykelen til eventyrlandet, har han heile livet. Då er døra inn til litteraturen, fantasiverda, den kunstnarlege og estetiske røyndommen, open for alltid. Og med ei slik dør open kan vi leva rikare liv. Det handlar om verdiar for kvart enkelt menneske, verdiar som vi må ta vare på for oss sjølve og barna våre.

Og med dette har eg æra av å kalla fram:

LITTERATURPREMIE:
Svein Nyhus (Tjøme): Lille Lu og trollmannen Bulibar. Gyldendal Tiden. kr 40 000,-


BILDEBOKPREMIE:
Tone Lie Bøttinger (Tønsberg) (tekst) og Akin Düzakin (Oslo) (illustrasjoner): Min storebror Apen. H. Aschehoug & Co. kr. 40 000.- (deles likt)


FAGBOKPREMIE:
Anne B. Ragde (Trondheim): Biografien om Sigrid Undset. Også en ung Pige.
Gyldendal Tiden. kr 40 000,-


DEBUTANTPREMIE:
Asgeir Helgestad (Numedal, Nannestad): Dyr i skogen. J.W. Cappelens Forlag og Barnas Egen Bokklubb. kr 22 000,-


ILLUSTRASJONSPREMIE:
Børge Ousland (Oslo): Frøken Bisk Glefs og femten andre, skrevet av Halvor Roll.
H. Aschehoug & Co. kr 22 000,-


OVERSETTERPREMIE FRA NEDERLANDSK TIL NYNORSK:
Lars S. Vikør (Oslo): Bror, skrevet av Ted van Lieshout. Det Norske Samlaget.
kr 11 000,-


OVERSETTERPREMIE FRA ENGELSK TIL BOKMÅL:
Elisabeth Bjørnson (Oslo): Angel Juan og Baby Be-Bop, skrevet av Francesca Lia Block. Gyldendal Tiden og Ungdomsbokklubben. kr 11 000,-


TEGNESERIEPREMIE:
Ola A. Hegdal (Oslo) (manus) og Tore Strand Olsen (Oslo) (tegninger): Jeg, Arne Næss. Et tegnet liv. Kagge Forlag. kr 22 000,- (deles likt)

Til toppen