Presseinvitasjon

Utval leverer utgreiing om nasjonal IKT-sikkerheit

Justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP) tek måndag imot utgreiinga «IKT-sikkerhet i alle ledd – organisering og regulering av nasjonal IKT-sikkerhet».

IKT-sikkerheitsutvalet blei oppnemnd i statsråd 15. september 2017. Utvalet har vurdert om dagens regulering av IKT-sikkerheit er hensiktsmessig, og om vi har ei hensiktsmessig fordeling og organisering av ansvar på etatsnivå innanfor nasjonal IKT-sikkerheit.

Skattedirektør Hans Christian Holte har leia arbeidet med utgreiinga.

Mandat og samansetning – IKT-sikkerheitsutvalet

Tid: Måndag 3. desember kl. 11.00
Stad: JD, Gullhaug torg 4 A, Nydalen
Oppmøte: kl. 10.45 (for registrering)

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bondevik

Overleveringa strøymast direkte på Facebook-sida til Justis- og beredskapsdepartementet.

Til toppen