Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Orientering om Noregs klimaavtale med EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Noregs og Islands avtale med EU om felles gjennomføring av klimamålet vert vedteken i EØS-komiteen i Brussel fredag 25. oktober. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen inviterer til pressetreff med ei orientering om avtala.

EØS-komiteen består av representantar for EU og EFTA. Komiteen si hovudoppgåve er å innlemme nye EU-rettsakter i EØS-avtala.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen orienterer om avtala og vegen vidare. Avtala gjev nye rammer for Noregs klimapolitikk, og vil innebere at vi inngår i EUs klimaregelverk frå 2021- 2030.

Tid: fredag 25. oktober kl 9.30. Møt opp i god tid for registrering.

Stad: Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20. Enkel servering.

Påmelding: Kommunikasjonsrådgjevar Tone Hertzberg, 91 19 13 13.

Epost: the@kld.dep.no