Presseinvitasjon: Byvekstavtale for Bergensområdet – møte i politisk styringsgruppe i Bergen

Første møte i politisk styringsgruppe for ny byvekstavtale for Bergensområdet er onsdag 6. juni. Deltakarane er tilgjengelege for pressa rett etter møtet.

Møtet finn stad måndag 6. juni kl. 10-12, på Hotel Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen.

Til møtet kjem statssekretærane Anders Werp frå Samferdselsdepartementet og Aase Marthe J. Horrigmo frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fylkesordførar Anne Gine Hestetun, byråd for byutvikling i Bergen Anna Elisa Tryti samt ordførarane frå Askøy, Fjell, Lindås og Os.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og jernbanedirektør Kirsti Slotsvik vil også vere til stades.

Gruppa skal reforhandle gjeldande byvekstavtale for Bergen. Tema for møtet er rammer og organisering av dette arbeidet.

Det er den politiske styringsgruppa som har det overordna ansvaret for forhandlingane om byvekstavtalane. Leier av gruppa er statssekretær Anders Werp i Samferdselsdepartementet. I tillegg blir det etablert ei administrativ forhandlingsgruppe som vil stå for dei laupande forhandlingane. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen blir leiar for denne gruppa.

Det aller første møtet i den politiske styringsgruppa vil vere lukka, slik at det skal vere mogleg å diskutere med partar som er nye i forhandlingane om dei ønskjer opne forhandlingar eller ikkje. Staten tilrår opne forhandlingar, men vil la lokale forhandlingspartar avgjere dette spørsmålet. Sjå eiga nyheitssak om dette.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef i Samferdselsdepartementet Susanne Moen Stephansen, tlf. 48032792.

Til toppen