Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Byvekstavtale for Trondheim – møte i politisk styringsgruppe i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Første møte i politisk styringsgruppe for ny byvekstavtale for Trondheim er fredag 8.juni 2018 kl. 12-14. Deltakarane er tilgjengelege for pressa rett etter møtet.

Møtet finn stad i Formannskapssalen i Rådhuset i Trondheim.

Til møtet kjem statssekretærane Anders Werp frå Samferdselsdepartementet og Lars Jacob Hiim frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fylkesordfører Tore Sandvik, ordfører i Trondheim Rita Ottervik og ordførarane frå Stjørdal, Malvik, Melhus. Trondheimsregionen vil vere representert med ein observatør.

Representantar frå Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Fylkesmannen i Trøndelag vil også vere til stades.

Dette er starten på reforhandlingane av gjeldande bymiljøavtale for Trondheim til ein byvekstavtale. Tema for møtet er rammer og organisering av dette arbeidet.

Det er den politiske styringsgruppa som har det overordna ansvaret for forhandlingane om ein byvekstavtale. Leier av gruppa er statssekretær Anders Werp i Samferdselsdepartementet. I tillegg blir det etablert ei administrativ forhandlingsgruppe som vil stå for dei laupande forhandlingane, som blir leia av Lars Aksnes frå Vegdirektoratet.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar i Samferdselsdepartementet Henrik Jonassen - 97628091/hj@sd.dep.no