Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Fagseminar om utfordringar for norsk økonomi og næringspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til fagseminar om utfordringar for norsk økonomi framover - kva betyr det for næringspolitikken?

– Når verden rundt oss endrar seg må politikken også endre seg. Både næringslivet og myndigheiter må møte den aukande usikkerheten som brer om seg over internasjonal handel. Vi må henge med i ein rivande teknologisk og digital utvikling. Vi må møte klimaendringane. Eg ser fram til å diskutere desse utfordringane med flinke folk, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Fagseminaret er internt for tilsette i NFD, men pressa er òg velkommen.

Program


08.15-08.30: Frukost
08.30-08.35: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen
08.35-09.25:
Utfordringar for norsk økonomi på kort sikt og kva det betyr for næringspolitikken:
Elisabeth Holvik, sjeføkonom i Sparebank1
Øystein Thøgersen, rektor og professor på NHH
Jon Gunnar Pedersen, partner i Arctic Securities (tidligare statssekretær i Finansdepartmentet)
09.25-09.55: 
Spørsmål og diskusjon

Når: Tysdag 29. januar 2019 klokka 08.30-10.00
Kor: Nærings- og fiskeridepartementet (NFD), Kongens gate 8
Påmelding (kun presse); media@nfd.dep.no. Hugs pressekort og gyldig ID