Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Fiskeriministeren til Austevoll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP) besøker Austevoll 27. august. Der skal han delta på eit møte om regjeringas stortingsmelding "Et kvotesystem for økt verdiskaping", og døype LiceTube.

Nye fiskeriløyve, vidareføring av strukturkvoteordninga og ein ny marknadsplass for utveksling av kvotar er blant tiltaka i den nye kvotemeldinga.

– Tiltaka vi foreslår i kvotemeldinga vil gjere systemet mindre krevjande for næringa og forvaltninga. I tillegg vil det bli meir fleksibelt, meir transparent og lettare å forstå, seier fiskeriministeren.

– Målet er framleis berekraftig forvaltning, auka verdiskaping i fiskerinæringa, betre utnytting av heile fisken og aktivitet langs heile kysten. Samstundes er det viktig at dei som er råka får høve til å seie kva dei synest om forslaga, seier Nesvik.

Skal døype LiceTube

Tidlegare på dagen skal fiskeriministeren døype LiceTube, ei mekanisk eining som reinsar laks og aure for lus. I tillegg teller maskinen lus og kan avdekke om fisken har andre sjukdommar. LiceTube har tidlegare stått på Akvariet i Bergen, men skal no testast i merd på Austevoll.

 

Tysdag 27. august

Kl. 10.15 – 11.15

Kva: Dåp av LiceTube

Stad: Forskningsstasjonen på Austevoll (Sauganeset 16, 5392 Storebø)

Kl. 11.45 – 12.45

Kva: Ope møte om kvotemeldinga

Stad: Bekkjarvik gjestgiveri (Bekkjarvik 61, 5397 Bekkjarvik)

 

Les meir om kvotemeldinga her