Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Første internasjonalt toppmøte om ulovleg fiske i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Norge er vertskap når fiskeriministrar frå heile verden møtes i Oslo for å diskutere korleis dei skal førebygge og hindre ulovleg fiske.

Ulovlig fiske er ein omfattande, grenseoverskridande utfordring. FN organisasjonen FAO har estimert verdien av ulovleg fangst til å utgjere over 190 milliardar norske kronar årleg, eller om lag 15 prosent av verdens fiskefangster.

Norge har deltatt aktivt i arbeidet med å få på plass ein bindande internasjonal avtale i kampen mot ulovleg fiske. Måndag 29. mai samlas partane for første gong i Oslo. Meir enn 50 land vil vere representert.

Avtala om havnestatskontroll skal førebygge og hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Den har blitt framforhandla gjennom FNs organisasjon for ernæring og landbruk. Avtalen trådde i kraft 5. juni 2016 og har i dag 47 parter (EU er  éin part).

Praktisk informasjon

Kva: Det første møtet om havnestatskontroll
Kor: Høyres hus, Stortingsgaten 20, Oslo
Når: Mandag 29. mai klokka 10.00-11.00

Påmelding: Heile møtet er opent for presse. Presse som ynskjer å delta bes om å registrere seg på media@nfd.dep.no

Fiskeriminister Per Sandberg vil opne møte og statssekretær Tone Skogen i Utanriksdepartementet deltek også.