Presseinvitasjon: Forsvarsministeren deltek på NATO sitt ministermøte i Brussel 10. og 11. februar

Forsvarsministeren deltek på NATO sitt ministermøte i Brussel 10. og 11. februar. Møtet vil vere ein viktig milepæl i førebuingane til NATO-toppmøtet i Warszawa i juli i år. Hovudsaker på møtet er dei langsiktige planane for tilpassing til ein ny sikkerheitssituasjon og det vidare arbeidet med å styrke Alliansens evne til avskrekking og kollektivt forsvar.

Illustrasjonsbilde fra da NATO-sjef Jens Stoltenberg besøkte Norge og Forsvaret i juni 2015. Foto: Marita Isaksen Wangberg, FD.

- Vi står overfor ein grunnleggjande endra sikkerheitssituasjon, som i stigande grad utfordrar NATO sine nære områder. Frå norsk side arbeider vi aktivt for å styrke NATO, både som politisk og militær Allianse, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Ho understreker vidare at NATO må være i stand til å handtera hendingar i heile NATO sitt nærområde, også i dei nordlege områda, deriblant dei store maritime ansvarsområda. Noreg vil fremja konkrete tiltak om dette under møtet.

Eit sentralt tema i arbeidet vil vere innføringa av Readiness Action Plan (RAP), som skal vere ferdig til  toppmøtet som Alliansens stats- og regjeringsleiare skal ha i Warszawa i juli.

-Alliert operativ evne og samhald er avgjerande for eit militært og politisk sterkt NATO. Noreg bidreg til dette mellom anna med å melde inn norske styrkar på beredskap for NATO sin hurtigreaksjonsstyrke i perioden 2016-2017, seier forsvarsministeren.

Noreg har arbeidt saman med Tyskland og Nederland med denne hurtigreaksjonsstyrken, og dette gode samarbeidet vil vidareførast. Under ministermøtet vil Noreg tilby NATO å ha denne beredskapen saman med Tyskland og Nederland òg i 2019.

 

Priv.-til-red.:

Pressekontakt for forsvarsministeren er Lars Gjemble Lars.Gjemble@fd.dep.no / +47 909 73 891.

Akkreditering og kontaktinfo NATO HQ: http://nato.int/cps/en/natohq/news_127094.htm Bilete frå møta vert lagt ut her: http://nato.int/cps/en/natohq/photos.htm

Se også: http://www.nato.int/cps/en/natohq/events_127660.htm