Presseinvitasjon: Høyringsmøte om forslag til forskrift om god kredittmarknadsføring

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Det blir stadig meir gjeld i private hushald. Bruken av kostbar forbrukskreditt er særleg høg. Regjeringa arbeider derfor med fleire tiltak for å snu utviklinga. Ei innstramming av reglane om marknadsføring av kreditt er eit tiltak som kan førebyggje gjeldsproblem.

Justis- og beredskapsdepartementet inviterer til eit høyringsmøte om forslag til slike reglar.

Tid:    Torsdag 16. mars 2017 kl. 13.00-15.30

Stad:  Akersgata 59, 0180 Oslo

Nett-tv Høyringsmøte om forslag til forskrift om god kredittmarknadsføring

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Den som ønskjer å delta på møtet, kan registrere seg som deltakar innan 14. mars 2017 kl. 12.00 ved å nytte følgjande e-post: lovavdelingen@jd.dep.no

Høyringsbrev med invitasjon til høyringsmøte 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Linda Hafstad 470 38 968