Presseinvitasjon: Kåring av vinnarane i konkurransen om "Smartare transport i Norge" onsdag 13. juni

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og administrerande direktør i NHO Kristin Skogen Lund vil premiere dei beste bidraga i konkurransen om "Smartare transport i Norge". Inntil 100 millionar kroner skal delast ut.

Konkurransen skal stimulere til smart, effektiv og grøn transport. Det er fylkeskommunane som har vore invitert til denne konkurransen. Det har kome inn 11 bidrag og bidraga er vurdert av eit panel som har blitt leia av Kristin Skogen Lund. Konkurransen blei lansert i Nasjonal transportplan våren 2017.

Kåringa finn stad i lokala til NHO onsdag 13. juni kl. 15.00. Arrangementet er ope for pressa.

Adresse: Middelthunsgate 27, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no