Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren legg fram ny språklov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja presenterer tysdag 12. mai kl. 11.00 språkmeldinga og forslag til ny språklov.

Tid: Tysdag 12. mai kl. 11.00
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59

Departementa har innført eigne tiltak for å hindre spreiing av smitte blant besøkjande og tilsette. Vi har avgrensa talet på plassar til media, og ber difor om påmelding til kudinfo@kud.dep.no innan 12. mai kl. 09.00.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.

For dei som ønskjer å delta, er oppmøte seinast kl. 10.55. Ta med ID.

Kulturdepartementet legg til rette for deling av video og bilete. Pressekonferansen vert filma og kan følgjast direkte her på regjeringa.no Her kan ein også laste ned videofila.

Pressekonferansen vert teiknspråktolka.

Nett-tv Kultur- og likestillingsministeren legg fram ny språklov

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan treffast på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Ta kontakt med kudinfo@kud.dep.no for å få tilsendt bilete.  

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på eigne nettsider, kan bruke følgjande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div>

<script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sj3v8j2m/wowza.js' type='text/javascript'></script>