Presseinvitasjon: Kunnskapsministeren opnar Notodden Blues Festival

Torsdag 30. juli kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Notodden for å opne Notodden Blues Festival.

Han har følgjande program:

1400: Festivaltjuvstart

Statsråden er med på festivaltjuvstarten og hagefesten saman med mange frå næringslivet på Notodden. Her vil han blant anna diskutere kva slags moglegheiter som ligg i at Rjukan og Notoddens industriarv nå er på UNESCOs verdensarvliste.

Stad: Brattrein hotell, Brattreinv 9, Notodden 

 

1615: Bluesseminar med Little Steven

Kunnskapsministeren og artisten Steven van Zandt besøker Bluesesseminaret hvor 40 talentfulle ungdomar mellom 13 og 18 år er samla for å få undervisning under festivalen.

Stad: Heddal ungdomsskole, Heddal 

 

1800: Opnar Notodden Blues Festival

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opnar den 28. Notodden Blues Festival.

Stad: Torget på Notodden 

 

Media er velkomen til å følgje med på kunnskapsministerens program, og det vil bli høve til intervju med kunnskapsministeren etter avtale med kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse.
Mobil 992 14 610.  E-post: anhj@kd.dep.no