Presseinvitasjon: Kunnskapsministeren til Bodø

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er i Bodø 12. august. Han skal mellom anna tala til studentane ved studiestart på Universitetet i Nordland (UiN) og delta på opninga av Mørkvedlia studentpark.

Tid: Onsdag 12. august 2015, klokka 09.00-14.00
Stad: Bodø

Det vil bli høve til intervju med kunnskapsministeren etter avtale med kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen. Mobil: 99239083. E-post: stch@kd.dep.no.

Program for dagen:

Kl. 09.00: Besøk i Studentongan barnehage

Kl. 11.00: Offisiell opning av studieåret ved UiN
Statsråden talar til dei nye studentane

Kl. 13.15: Opning av Mørkvedlia studentpark