Presseinvitasjon: Listhaug ser på integreringsarbeidet i Drammen

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP) skal tysdag 24. mai besøke Drammen for å sjå på kommunen sitt busettings- og integreringsarbeid.

Programmet vil bestå av orienteringar i Drammen rådhus frå klokka 9 til 12, og to feltbesøk etter lunsj. Statsråden skal besøke Åskollen bo- og servicesenter og Drammen mottak, som er eit desentralisert mottak. Reisa til Drammen er ein del av oppfølginga av integreringsmeldinga, som vart lagt fram 11. mai.

Pressa kan delta i heile programmet. Statsråden vil være tilgjengeleg for kommentarar etter orienteringane i rådhuset og etter feltbesøka.

Tid: 0900 – om lag 15.30

Stad: Storstua i Drammen rådhus, Åskollen bo- og servicesenter og Drammen mottak.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bondevik, 40 23 24 54