Presseinvitasjon: Listhaug til Bodø

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP) gjestar Bodø måndag 8. august.

Statsråden skal ha  møte med flyktningar som har gjennomført introduksjonsprogram og fått arbeid, og møte aktørar som ønsker å drøfte etablering av integreringsmottak. I tillegg skal Listhaug orienterast om busetting av einslege mindreårige og Røde Kors sine flyktningguidar. 

Pressa kan delta i heile programmet. Statsråden vil være tilgjengeleg for kommentarar etter gjestingane.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Raheela Chaudry, 918 83 568.

Program:

Kl. 10.30 – 11.15: Drøfte arbeidet med integreringsmottak

Kl. 11.15 – 11.45: Presentasjon Tverlandet mottak

Kl. 12.45 – 13.30: Bodø kommune sitt arbeid med kvalifisering

Kl. 13.30 – 13.45: Bosetting av einslege mindreårige

Kl. 13.45 – 14.30: Møte med Røde kors, flyktningguidar og flyktningar

Stad: Flyktningkontoret, NAV-bygget. Sjøgata 41-43, 5. etasje.