Presseinvitasjon: Mæland til Svalbard

Næringsminister Monica Mæland besøkjer Longyearbyen 25.-26. juni for å diskutere kva Svalbard skal leve av i framtida.

- Svalbard er inne i ein omstillingsprosess og det er behov for ny næringsutvikling og aktivitet. Saman med lokale styresmakter og næringslivet på Svalbard skal me sjå på kva slags mogelegheiter som finnast. Kulldrifta er fortsatt viktig, men i framtida må Svalbard bli enda flinkare til å finne nye næringar, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Næringsministeren skal møte Store Norske for å høyre om situasjonen til selskapet og deira planar om framtidig verksemd. Staten tilførte nylig Store Norske Spitsbergen Kulkompani 500 millionar kroner gjennom lån til selskapet og ved at staten kjøper grunneigedomar og infrastruktur som i dag eiges av SNSK-konsernet.

- Det er viktig å oppretthalde både næringsaktivitet og busetting på Svalbard, seier Mæland.

Ho møter også Longyearbyen Lokalstyre og lokale næringslivsaktørar for å diskutere potensialet for framtidig næringsutvikling på Svalbard.

Mæland fekk i haust den første næringsplanen for Longyearbyen på 25 år.