Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Næringsministeren til Loen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland vil ha fleire turistar til Noreg. Tysdag 11. august vitjar ho Loen for å få innspel til reiselivspolitikken.

- Dette er ei av dei viktigaste næringane for framtida. Noreg er eit unikt reisemål, med stort potensial for å tiltrekkje seg fleire turistar. Regjeringa skal leggje fram ei ny stortingsmelding i løpet av våren 2016 der vi går grundig gjennom reiselivspolitikken for å finne ut kva som fungerer, seier næringsminister Monica Mæland.

Varslar ny politikk for reiseliv

Næringsministeren reiser landet rundt for å få innspel til arbeidet, og no er turen komen til Loen. Tema for møtet er kvalitetsmerking i reiselivet og berekraftig bruk av natur og infrastruktur.

- Vi vil forme ein politikk som kan auke verdiskapinga og lønnsemda i reiselivsnæringa. Det er dei som jobbar med reiseliv som veit kor skoen trykkjer. Deira innspel er viktige for meg når vi skal peike ut ein ny kurs for norsk reiseliv, seier Mæland.

Næringsministeren har turnert Noreg sidan april for å få innspel. Etter vitjinga i Loen blir det eit innspelsmøte i Bergen 2. september, før turneen blir avslutta i Tromsø 29. september.

Praktisk informasjon

Kva: Innspelsmøte til ny reiselivsmelding

Kor: Alexandra i Loen

Når: Tysdag 11. august klokka 11.00-14.00

Det blir høve til intervju med næringsministeren i fotovennlege omgivnader utandørs etter møtet.