Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Næringsministeren til Osterøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland skal lære meir om bruk av robotar i industrien når ho besøkjer Osterøy i Hordaland fredag 30. juni

Mæland skal få ei omvising hos Mjøs Metallvarefabrikk, Lonevåg Beslagfabrikk og Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule.

- Auka bruk av digitalisering og robotar er viktig for næringslivets konkurransekraft. Dette har me peika på i industrimeldinga og er noko me ynsker å leggje til rette for. Eg ser fram til å sjå gode eksemplar på bedrifter som allereie er langt framme med å ta robotar i bruk og til å få gode innspel på kva som er viktig for industrien, seier Mæland.

Når: Fredag 30. juni klokka 10:00-12:00.
Kor: Osterøy vidaregåande skule/Kompetansesenteret for CNC og robot: Solbjørgsdalen 12, 5282 Lonevåg

Arrangementet er opent for presse.

Pressekontakter:
For næringsministeren: Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-post tvi@nfd.dep.no,

Mjøs Metallvarefabrikk AS: Bjørn Øvsthus, mobil 952 33 052

Lonevåg Beslagfabrik AS: Jørn Jacobsen, mobil 905 37 042

Osterøy vidaregåande skule/ Kompetansesenteret for CNC og robot: rektor Magne Espelid, mobil 982 55 164