Presseinvitasjon:

Næringsministeren til Trondheim

Fredag 26. november kjem næringsminister Jan Christian Vestre til Trondheim. Før jul skal næringsministeren møte over 100 bedrifter, og no står det teknologiorienterte næringslivet i Trondheim for tur. SINTEF, Rolls Royce og Nordic Semiconductor er mellom anna bedriftene som står på programmet.

Næringsminister Jan Christian Vestre (AP)

– Trondheim har historia på si side. I denne byen har trønderar mellom anna bygd dampmaskinar og lokomotiv. No jobbar folk i denne byen med å stå i bresjen av den grøne teknologiutviklinga.  Eg gleder meg til å treffe bedriftene som jobbar med alt frå gjenbruk av byggemateriale til integrerte kretsar og elektriske motorar, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Kontakt

Presse som ønsker å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Tore Becker 40 49 79 16 eller tore.becker@nfd.dep.no

Program (med atterhald om endringar)

Kl.14:10: Bedriftsbesøk hos Hydrogen Mem-Tech som utviklar separasjonsteknologi for å ta ut hydrogen frå både naturgass og biogass.

Leirfossveien 27, Trondheim.

 

Kl. 15:00: Bedriftsbesøk hos arkitekt- og ingeniørbedrifta Sweco. Dei ser på korleis kunstig intelligens og stordata kan brukast i å bygge smarte byar.

Sluppenvegen 19, Trondheim.

 

Kl. 15:55: Besøk hos forskingsinstituttet SINTEF, som har fokus på grøn og digital omstilling. Omvising på eit av laboratoria (ikkje opent for presse)

Otto Nielsens gate 10, Trondheim.

 

Kl. 17.00: Bedriftsbesøk hos Nordic Semiconductor. Ei internasjonal bedrift som produserer integrerte kretsar til trådlaus teknologi.

Otto Nielsens veg 12, Trondheim.

 

Kl. 17:55: Bedriftsbesøk hos Rolls Royce Electrical som utviklar og testar elektriske maskiner og flymotorar.

Jarleveien 8, Trondheim.

 

Kl. 18:40 Bedriftsbesøk hos Loopfront AS som kartlegg og legg til rette for meir gjenbruk av byggemateriale.,

Styrmannsgata 6, Trondheim.