Presseinvitasjon: Opning av ny modul på utlendingsinternatet, Trandum

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP) opnar i morgon, tysdag 6. september, ein ny modul på utlendingsinternatet på Trandum.

Trandum blir utvida med ein ny modul (Modul 3). Den nye modulen vil gi 90 ekstra sengeplassar og ei tryggingsavdeling med 11 plassar. Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressa under og etter omvisinga.

NB! Oppmøte for pressa er seinast kl. 10.30 utanfor hovudporten ved Politiets utlendingsinternat på Trandum for innsjekk og kort sikkerhetsbrief. Parkering er utanfor hovudporten.

NB! Påmelding til pu-info@politiet.no innan kl. 16 måndag 5. september. Ta med ID.

Tid:    Tysdag 6. september kl. 11.00 – 12.30.

Stad: Politiets utlendingsinternat på Trandum, 2054 Trandum

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Skjøld-Lorange,
48 16 12 27.