Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Samferdselsminister Hareide til Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Knut Arild Hareide skal tysdag 31. august på reise i Trøndelag. Pressa er velkomne til å vere med.

Programmet er som følgjer:

10.00-11.00: Noregslansering av nye bimodale tog og togtur mellom Trondheim S og Hell stasjon. Oppmøtestad: Plattform ved spor 2 på Trondheim stasjon. For fleire detaljar og påmelding – sjå eigen presseinvitasjon frå SJ Norge.

11.00-11.45: Bane NOR orienterer om elektrifiseringsprosjektet på Trønder- og Meråkerbanen. Oppmøtestad: Hell stasjon.

12.00-13.00: Vegkonferansen 2021. Samferdselsminister Hareide held innlegg på Vegforum Trøndelags arrangement ca. kl. 12.10-12.30. Oppmøtestad: Scandic Hell, Sandfærhus 22, Stjørdal.

14.00-14.30: Trygg Trafikk og samferdselsminister Hareide om Fyrtårnsprosjektet – eit prosjekt som skal redusere underrapporteringa av skadde i trafikken og bidra til betre trafikktryggleik. Oppmøtestad: Utanfor Scandic Hell.

Pressekontaktar:

Kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen, tlf: 905 11 667
Politisk rådgjevar Stig-Øyvind Blystad, tlf. 91847226

Vel møtt!