Presseinvitasjon: Samferdselsminister Knut Arild Hareide til Trondheim 16. oktober

Samferdselsministeren besøker Trondheim fredag 16. oktober. Han skal mellom anna signere tilleggsavtalen til byvekstavtalen for Trondheimsområdet, markere oppstart av bygging av Nydalsbrua og offisielt opne ny E6 Soknedal Vindåsliene–Korporalsbru. Presse kan delta på delar av programmet, men må av smittevernomsyn melde seg på.

Program – Trondheim 16. oktober 2020

Signering av tilleggsavtale

10.00 – 10.30: Clarion Hotel (Brattøra), foajeen, Brattørkaia 1.

Statsråd Knut Arild Hareide, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Heidi Karin Nakken, samt lokale partar, mellom anna ordførar Rita Ottervik og fylkesordførar Tore A. Sandvik.

For påkravd påmelding og meir informasjon, kontakt Henning Lervåg, Trondheim kommune, 91 67 24 67, [email protected]

Markering av oppstart av Nydalsbrua

11.00 – 11.30: Markering av anleggsstart av Nydalsbrua ved Tempevegen 45.  

For påkravd påmelding og meir informasjon, kontakt Ole Kristian Åset, Statens vegvesen, 99 25 11 39, [email protected]

Offisiell opning av ny E6 Soknedal Vindåsliene–Korporalsbru

13.00 – 13.35: Offisiell opning av ny strekning ved anleggskontoret til Statens vegvesen i Soknedal, like ved rundkøyringa.   

For påkravd påmelding og meir informasjon, kontakt Lars Erik Sira, Statens vegvesen, 95 86 07 58, [email protected]

 

Pressekontaktar frå Samferdselsdepartementet på turen: Tore Becker 40 49 79 16, Tor Livius Midtbø, 90 60 69 19