Presseinvitasjon: Samferdselsministeren besøker Valdres

Måndag 19. mars er samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i Valdres. På agendaen står vegutbygging og sjølvkøyrande brøytebilar.

Her er programmet:

1015 - 1100: Informasjon om vegprosjektet E16 Bagn – Bjørgo, ved Statens vegvesen og Skanska, Tingvollbakkin i Bagn.

1100 – 1145: Synfaring av bruarbeid og tunnel.

12.15 – 13.30 Møte med Valdres Næringsråd, Scandic Valdres Hotel.

14:00-15.00 Seminar om og demonstrasjon av sjølvkøyrande brøytebilar, Fagernes lufthamn, Leirin. For meir informasjon, sjå presseinvitasjon frå Avinor.

Kontakt: Senior kommunikasjonsrådgivar i Samferdselsdepartementet Frøydis Tornøe, tlf. 970 97 855